Sidemål er den målforma ein elev i norsk skule ikkje har som hovudmål. Dersom ein elev har nynorsk som hovudmål, er bokmål sidemål; dersom eleven har bokmål som hovudmål, er nynorsk sidemål.

Val av skriftleg målform i grunnskulen

I grunnskulen er det kommunen som bestemmer kva målform som skal brukast i den skriftlege opplæringa ved kvar enkelt skule. Denne målforma blir hovudmål på skulen. Kvar skule kan berre ha eitt hovudmål, men innanfor éin kommune kan skulane ha ulike hovudmål. Målforma som ikkje er hovudmål, blir sidemål.

Hovudmålet blir brukt i skriftlege oppgåver frå lærarane, meldingar frå skulen og i undervisninga. I lærebøker kan derimot foreldra velje om bøkene til eleven skal vere på nynorsk og bokmål (unntak for norskfaget). Det er krav i lovverket om at skulane berre kan bruke lærebøker som finst på både nynorsk og bokmål, og at desse skal finnast på same tid og til same pris.

Dersom ein skule skal endre hovudmål, blir det vanlegvis halde ei rådgjevande avstemming (ei målavstemming eller skulemålsavstemming). Alle som bur i skulekrinsen, og foreldre med barn på skulen, har stemmerett i slike avstemmingar.

Bruk av skriftleg målform i grunnskulen

Frå 1. til 7. trinn må elevane bruke same hovudmål som skulen i skriftlege oppgåver. Frå 8. trinn kan elevane velje sjølv kva som skal vere hovudmåla deira, men skulen skal framleis bruke det vedtekne hovudmålet i skriftleg materiale.

Elevane får opplæring i hovudmål frå 1. trinn, og gradvis opplæring i sidemålet frå 4. trinn. Elevane avlegg norskeksamen i både hovudmål og sidemål.

Historikk

Gjennom eit stortingsvedtak i 1885 vart «det norske Folkesprog» (nynorsk) sidestilt med dansk som skriftspråk i Noreg, og frå 1892 vart det tillate å bruke nynorsk (då landsmål) i skulen. Stortinget vedtok samtidig at elevane skulle lære å lese begge mål. Det har altså vore ei form for sidemålsundervisning i norsk skule frå 1892.

Stortingsvedtaket i 1892 var «Undervisningen skal foregaa i det norske Sprog. Skolestyret bestemmer, om Skolens Læse- og Lærebøger skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogmaal, og i hvilket av disse Maal Elevernes skriftlige arbeider i Almindelighed skal affattes. Dog skal Eleven lære at læse begge Maal.»

I lærarskulelova som vart sett i kraft frå 1902, var det krav om at kandidatane skulle prøvast i begge målformer til eksamen, og dei skulle ha både bokmåls- og nynorsklitteratur på pensum. Lova markerte ei ny linje i skulespråkpolitikken, ved at nynorsk (landsmål) vart eit obligatorisk skriftleg eksamensfag ved sida av bokmål.

I 1907 vedtok Stortinget at alle elevar på gymnaset (vidaregåande skule) skulle skrive ein stil på sidemål til eksamen. Sidemålsspørsmålet var kontroversielt og vart gjenstand for polemikk og høglydte diskusjonar både før og etter vedtaket. Saka vart teken opp på nytt i 1910, men med framleis fleirtal for sidemålsstilen. I 1970 vart det igjen vedteke at det framleis skulle vere skriftleg sidemålsstil ved eksamen, og sidemålsundervisning har vore del av læreplanverka heilt frå desse vart innførte i 1974.

Frå 1974 fekk alle elevar i ungdomsskulen undervisning i både hovudmål og sidemål, før dette var det berre elevar ved nokre av linjene som fekk undervisning i sidemål. I 1974 skulle elevane først byrje å lese sidemål i 7. klasse, og fekk skriftleg opplæring frå 8. klasse (andre år på ungdomsskulen). Frå 1987 vart lesing av sidemålstekstar innført i barneskulen, knytt til språkhistorie og dialektlære.

Spørsmålet om sidemålsundervisning har vore kraftig debattert heilt sidan byrjinga av 1900-talet. Motstandarane av sidemålsundervisninga har hevda at ho stel tid frå anna undervisning; tilhengjarane at opplæring i begge målformer gjer elevane betre i norsk, og at sidemålsundervisning er ein føresetnad for reell likestilling mellom målformene nynorsk og bokmål.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg