setegard

Austrått

AustråttØrland er eit døme på ein tidlegare norsk setegard. Hovudbygningen med det store tårnet. Foran ser ein det lukka borggardskomplekset.

Av /KF-arkiv ※.

Artikkelstart

Setegard er ei nemning på hovudgardar for adelsmenn i Danmark, Noreg og Sverige, der han hadde fast sete (offisielle bustad). Setegardar hadde fleire økonomiske privilegium, som fritak frå skatt og tiende. Setegard svarar til den svenske nemninga säteri.

Faktaboks

Også kjent som

setegård

svensk säteri

I løpet av seinmellomalderen oppnådde adelen fritak for skatt- og tenesteyting for desse gardane. I ei rettarbot frå 1358‒1360 vart adelsmenn pålagde å ha slike bruk, som då vart kalla hofgardh. Samanlikna med Sverige og Danmark var det få setegardar i Noreg før reformasjonen, men talet voks etter kvart som adelen styrkte seg som stand i andre halvdelen av 1500-talet.

Det var ikkje uvanleg at ein adelsmann kunne ha fleire hovudgardar. Dette vart det til gjengjeld slutt på etter ei lov i 1639, då ein setegard vart sett som det som hadde vore den fremste buplassen til nokon dei siste førti åra. Samtidig rekna rikskanslar Jens Bjelke talet på setegardar i Noreg til 100, og om lag halvparten låg kring Oslofjorden.

Etter adelslova av 1821 skulle all skattefridom falle bort ved dåverande eigars død. Då var det kring 25 norske setegardar igjen. Kjende norske setegardar er mellom andre AustråttØrland, Borregård i Sarpsborg, Brunla i Larvik og Seim i Kvinnherad.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg