Savanneørn
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Savanneørn er ein stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika, Asia og Midtausten.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Aquila rapax
Beskriven av
(Temminck, 1828)

Som vaksen er fuglen ca. 70 cm lang, hannfuglar veg rundt to kilo og hofuglane rundt 2,4 kilo.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna tørr savanne, tørr tropisk buskmark, jordbruksland, tørr tropisk skog og tropisk fjellskog. Savanneørn er ein jegar som lever av mange ulike byttedyr, mellom anna små varmblodige dyr, vekselvarme virveldyr og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 44 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tolv veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av fire til fem år.

Savanneørn lever vanlegvis i rundt 40 år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

savanneørn
Aquila rapax
Artsdatabanken-ID
175261

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg