satengbinding

Artikkelstart

Satengbinding er vevbinding der bindepunkta ligg spreidde med jamne mellomrom. Bindepunkta kjem ikkje borti kvarandre, og det gjev satengvove stoff ei glatt og jamn overflate.

Det minste talet på skaft ein kan ha for ein ekte sateng, er fem. I norske folkedrakter er det ofte brukt åtte skaft i satengstoffa.

Sateng vove på fire og seks skaft heiter «uekte sateng» fordi ein ikkje får spreidd bindepunkta på same jamne måten som for dei andre satengbindingane.

Den fireskafta satengen blir også kalla korskypert.

Sateng er alltid ulik på retta og vranga, rennings- eller innslagssateng.

Sateng er den yngste av grunnbindingane og kjem frå Kina.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Kjelde: Gunvor Rognså

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg