Hare under nedbryting
Når eit dyr døyr og vert liggjande i naturen, vert det raskt angripe av åtseletarar og nedbrytarar. Åtseletarane et noko av dyret, fordøyer det og spreier næringsstoffa som avføring. Mange sopp og mikroorganismar bidreg vidare til å bryta ned dyret, men også dyrets eigne enzym bryt ned noko av dyret, fra innsida. (Sjå forråtnelse.)
Hare under nedbryting
Av /Shutterstock.

Nedbrytarar er organismar som får næring frå daudt organisk materiale. Desse spelar ei viktig rolle i naturen ved å bryta ned daude organismar til enklare byggesteinar og næringsstoff som plantar og andre organismar kan ta opp.

Faktaboks

Uttale
saprotrˈof
Etymologi
Saprotrofer er fra gresk sapros, ‘råtten’ og trofe, som betyr ‘levevis, næring, mat’
Også kjend som

saprotrofer

Dyr som døyr, vert gjerne delvis etne av predatorar (viss dyret vert drepe) eller åtseletarar, men det vil alltid liggja att restar. Desse restane vert mat for nedbrytarane. I staden for at daude dyr og plantar berre vert liggjande og tørka inn, fører nedbrytarane til at nyttige stoff (til dømes karbon og nitrogen) kan gå vidare i naturens krinslaup (næringsnett og biogeokjemiske syklusar). Meir enn 6000 artar kan vera med på å bryta ned eit daudt tre.

Den totale biomassen av daudt organisk materiale som ligg nedi jorda er større enn biomassen av levande organismar som finst på land. Utan nedbrytarar ville all biomassen ha vorte liggjande att som daudt materiale og livet på jorda kunne ikkje ha halde fram som me kjenner det.

Saprotrofar

Svært mange bakteriar og soppar er nedbrytarar. Nedbrytarane vert òg kalla saprotrofar. I motsetnad til autotrofe organismar som kan leva og formeira seg utelukkande på uorganisk materiale, er nedbrytarar heterotrofe organismar som treng organiske næringsstoff. Desse næringsstoffa får dei ved å bryta ned daude organismar eller materiale som stammar frå desse, til dømes avføring.

Hastigheit

Tida det tek før ei plante eller eit dyr er brote heilt ned varierer veldig. Furutre inneheld til dømes store mengder harpiks, som er vanskeleg å bryta ned. Det kan difor ta fleire hundre år før eit daudt furutre er heilt borte, medan eit grantre forsvinn noko raskare. Hjå dyr forsvinn ofte kjøt og andre mjuke bestanddelar ganske raskt (gjerne i løpet av eit par veker), medan knoklar kan verta liggjande att i veldig mange år. Kor raskt det går er avhengig av temperaturen. Nedbrytinga går raskare når det er varmt enn når det er kaldt. Nedbryting skjer dermed mykje raskare i tropiske strok enn her i Noreg. Av den grunn held også matvarer seg mykje lenger i kjøleskåp enn ute i sola.

Nedbryting av ulike stoff

Macrocystidia cucumis

Skivesoppen agurkhatt lever saprotroft på jord eller sterkt roten ved. Foto fra: Skindbjerglund, Skørping, Jylland, Danmark

Kompostering
Nedbrytarar spelar ein viktig rolle i kompostering.
Kompostering
Av /Shutterstock.

Mange nedbrytarar er spesialiserte på visse typar næring. Det er til dømes spesielle organismar som spaltar cellulose, medan andre bryt ned lignin. Daude tre vert blant anna brotne ned av ulike typar sopp i ei viss rekkefølge, der den eine produserer biprodukt som den neste kan nyttiggjera seg.

Nedbrytarar spelar ei viktig rolle ved kompostering og ved biologisk reinsing av vatn. Lukta som oppstår ved rotning, skuldast biprodukt, som til dømes hydrogensulfid og ammoniakk.

Krav til næring

I tillegg til uorganiske næringsstoff treng nedbrytarar karbonsambindingar, som kan vera karbohydrat, fett, protein, alkohol, organiske syrer, oljeprodukt og anna. Organismane skil gjerne ut enzym som spaltar stoffa til enklare organiske sambindingar (til dømes sukker, aminosyrer) som lettare vert teke opp.

Mange nedbrytarar treng ikkje nitrogen i organiske stoff, men kan klara seg med nitrat, ammonium eller fritt nitrogen som nitrogenkjelde.

Saprotrof eller saprofytt?

Tidlegare nytta ein ofte ordet saprofytt om nedbrytarar, men dette ordet er misvisande fordi endinga «fytt» viser til plantar. Ingen høgare plantar er eigentleg saprotrofe.

Ein del plantar, som vaniljerot og nokre orkidéar, manglar klorofyll og ein har difor trudd at desse var saprotrofe, men mest sannsynleg er dei parasittar på andre plantar via mykorrhiza-sopp.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg