sandlupin

Lisens: CC BY 2.0

Sandlupin er ei fleirårig urt i lupinslekta i erteblomfamilien. Planta er ein framand art i Noreg og vurdert til å utgjør ein svært høg risiko for det norske naturmangfaldet. Planta er giftig, og Giftinformasjonen bør kontaktast (22 59 13 00) om det har blitt ete frø frå planta.

Faktaboks

Også kjent som

Lupinus nootkatensis

Skildring

Sandlupin er ei fleirårig urt som vert mellom 50 og 120 cm høg. Blada er kopla. Dei blå til kvite blomane sit i blomestandar, er tokjønna og er typiske for erteblomfamilien.

Utbreiing

Opphavleg er sandlupin ein Nord-Amerikansk art. Planta er forvilla i natur i store delar av Europa, inkludert Noreg.

Bruk

Arten vart introdusert i Europa på slutten av 1800-talet som prydplante.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Art Sandlupin Lupinus nootkatensis
Slekt Lupinslekta Lupinus
Familie Erteblomfamilien Fabaceae
Orden Erteblomordenen Fabales
Klasse Tofrøblada planter Eudicots
Rekke Dekkfrøa planter Magnoliophyta
Rike Planteriket Plantae

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg