Samansetning er eit ord som typisk er bygt opp av to ord, som under-tøy, blå-svart og tjuv-starte. Ei samansetning blir òg kalla eit kompositum. Samansetning er ein type orddanning, og den viktigaste ved sida av avleiing.

Faktaboks

Også kjend som

kompositum

Forledd og etterledd

Dei to ledda i ei samansetning blir kalla forledd og etterledd. I samansetninga tjuv-starte er tjuv forledd og starte etterledd. Både forleddet og etterleddet i eit samansetning kan vere samansetningar:

  • I samansetninga ull-undertøy er etterleddet samansetninga under-tøy.
  • I samansetninga undertøy-spesialist er forleddet samansetninga under-tøy.
  • I samansetninga nynorsk-ordbok er forleddet samansetninga ny-norsk og etterleddet samansetninga ord-bok.

Overledd og underledd

På eit semantisk grunnlag kan samansetningar av visse typar delast i eit overledd og eit underledd. Overleddet (hovudet) fortel kva slags fenomen samansetninga viser til. På norsk er då etterleddet overledd og forleddet underledd, med svært få unnatak.

Samansetninga ord-bok er ein type bok, ikkje ein type ord. Fugle-hund ein type hund, ikkje ein type fugl. Bok og hund er difor overledda i denne samanhengen.

Problematiske tilfelle

Nokre samansetningar har ei tyding som gjer analysen vanskeleg. Øle-brød brukar vi om ei suppe av kokt øl med brødterningar og rosiner, slik at øle-brød verken er øl eller brød.

Mid-dag har to tydingar:

  1. midten av dagen, ikring klokka tolv
  2. hovudmåltid midt på dagen eller seinare

I tydinga 'midten av dagen' er ikkje mid-dag ein slags dag, men ein slags midte, slik at ein må analysere forleddet som overledd. Etter vanleg struktur for norske samanhengar burde det ha heitt «dag-mid» eller «dag-midte». I tydinga 'hovudmåltid midt på dagen eller seinare' er heller ikkje mid-dag ein slags dag, men eit slags måltid.

Samansetningstypar

Samansetningar kan delast i fleire typar på grunnlag av tydingsrelasjonen mellom ledda, og dei viktigaste er attributive, subordinative (underordnande) og koordinative (sideordnande) samansetningar.

Attributive samansetningar

I attributive samansetningar gir underleddet ei presisering av overleddet. Ein jakt-hund er ein hund som blir brukt til jakt, under-tøy er ein type tøy som blir brukt under anna tøy. Vi deler båtar i mellom anna laste-båtar og passasjer-båtar.

Subordinative samansetningar

I subordinative samansetningar er underleddet eit argument, oftast eit objekt, til verbet i overleddet. Ein søppel-køyrar er ein som køyrer søppel, tre-skjering er skjering (av figurar eller ornament) i tre. Ved sjølv-betening betener ein seg sjølv.

På mange norske bensinstasjonar står det «selvvask» på eit skilt ved vaskehallen. Her er ikkje «selv» objektet, men subjektet. Ein vaskar ikkje seg sjølv, ein vaskar sjølv noko, nemleg ein bil.

I ein særskild undertype av subordinative samansetningar er etterleddet eit verb, som program-feste, venge-klippe og hjerne-vaske.

Koordinative samansetningar

I koordinative samansetningar er ledda sidestilte, utan skilnad mellom underledd og overledd. Ein jegersamlar er ein som er både jeger og samlar. Ein gulgrøn farge er både gul og grøn, og kunne like gjerne kallast grøngul. Norsk-svensk samarbeid er det same som svensk-norsk samarbeid.

Såkalla eksosentriske samansetningar

Det er ikkje uvanleg å operere med ein fjerde samansetningstype, eksosentriske samansetningar eller bahuvrihi, som raudstrupe og brunskjorte. Ein raudstrupe er ikkje ein type strupe, men ein fugleart med raud strupe, og ei brunskjorte er ikkje ein type skjorte, men ein person som typisk går med brun uniformsskjorte, nærmare bestemt ein soldat i tysk nazistisk stormtropp.

Men desse samansetningane er attributive samansetningar som er nytta metonymisk, og utgjer ikkje ein eigen samansetningstype. Metonymiske uttrykk treng ikkje vere samansetningar, jamfør denne setninga, der skjørt er brukt metonymisk om ei kvinne.

  • Han blir blank i auga berre han ser eit skjørt.

Samansetningar i andre språk

Samansetningar er vanlege i språk over heile verda, men finst ikkje i alle språk. Innanfor den indoeuropeiske språkfamilien er samansetningar mellom anna vanlege i germanske språk og gresk, men lite brukte i romanske og slaviske språk. Samansetningar er òg vanlege i uralske språk, som dei samiske språka og finsk. Dei kinesiske språka, som mandarin, har mange samansetningar.

Germanske språk

Samansetningar finst i alle germanske språk, som desse døma, som alle tyder 'jakthund':

I engelske samansetningar er ledda nokre gonger skrivne som eitt ord, andre gonger med bindestrek eller kvar for seg – jamfør stonecutter, 'steinhoggar'; stone-dead, 'steindød' og stone coal, 'steinkol'.

Romanske og slaviske språk

I romanske og slaviske språk finn vi få samansetningar.

Typiske samansetningar i det romanske språket er fransk garde-robe, 'garderobe', bokstavleg «vaktar kjole» og porte-monnaie, 'portemoné, pengepung', bokstavlig «ber pengar». Ein annan type romansk samansetningstype er fransk année lumière (année 'år', lumière 'lys') og italiensk anno luce (anno 'år', luce 'lys'), som begge tyder 'lysår', med hovudet føre attributten.

Romanske språk brukar oftast konstruksjonar som fransk chien de chasse 'jakthund' (chien 'hund', chasse 'jakt' og preposisjonen de, som uttrykkjer genitiv) i staden for samansetningar. Spansk (kastiljansk) og italiensk har den konstruksjonen i høvesvis perro de caza og cane da caccia, som begge tyder 'jakthund'.

Slaviske språk brukar i liten grad samansetningar. Dei brukar i staden konstruksjonar som polsk pies myśliwski 'jakthund' (pies 'hund' og adjektivet myśliwski 'som har med jakt å gjere') og rok świetlny 'lysår' (rok 'år' pluss adjektivet świetlny 'som har med lys å gjere'). Unnataket er den spesielle russiske typen kolkhoz (колхоз) av kollektivnoje khoziajstvo (коллективное хозяйство) 'kollektiv næringsdrift', der byrjinga på to ord er sette saman til eit nytt.

Uralske språk

Uralske språk brukar samansetningar like mykje som dei germanske språka, jamfør desse døma, som alle tyder 'jakthund':

  • nordsamisk bivdobeana (samansetningsforma bivdo- av bivdu 'jakt', beana 'hund')
  • finsk metsästyskoira (metsästys 'jakt', koira 'hund')
  • estisk jahikoer (genitiven jahi- av jaht 'jakt', koer 'hund')
  • ungarsk vadászkutya (vadász 'jeger', kutya 'hund')

Mandarin

I mandarin og andre kinesiske språk er samansetningar svært vanlege, og mykje vanlegare enn avleiingar. Til dømes heiter 'jakthund' shòulièquǎn 狩猎犬 på mandarin, der forleddet shòuliè 狩猎 tyder 'jakt' og etterleddet quǎn 犬 tyder 'hund'.

Samansetningsform

I mange norske samansetningar har forleddet ei litt anna form enn det tilsvarande sjølvstendige ordet:

  • gud | guds-hus
  • konge | kongs-gard
  • vatn | vass-damp
  • barn | barne-hage
  • sjuk | sjuke-hus
  • krone | kron-prins
  • nase | nas-horn
  • auge | augne-blink

Forma eit ord har som forledd, kan kallast ei samansetningsform. Oftast er samansetningsforma lik det sjølvstendige ordet, jamfør til dømes hus-båt, båt-hus, kvinne-sak, men ikkje sjeldan har samansetningsforma eit suffiks, som i guds-hus og barne-hage. Det hender òg at samansetningsforma manglar eit suffiks som det sjølvstendige ordet har, som i kron-prins og nas-horn. Det finst òg eksempel på at samansetningsforma avvik endå meir frå det sjølvstendige ordet, augne-blink og vass-damp.

Eigne samansetningsformer finst òg i mange andre språk. Når ein på finsk set saman dei to adjektiva norjalainen 'norsk' og suomalainen 'finsk', blir det norjalais-suomalainen 'norsk-finsk' eller suomalais-norjalainen 'finsk-norsk'. Norjalais og suomalais er samansetningsformer. Substantivet nainen 'kvinne' har òg ei eiga samansetningsform, som i nais-kuoro 'damekor'.

I greske samansetningar har mange substantiv ei samansetningsform som endar på -o, som i desse døma, men ikkje alle:

  • psukhḗ 'ånd, sjel' | psukhó-mantis 'åndemanar'
  • dē̂mos 'folk' | dēmo-kratía 'folkestyre'
  • paîs 'barn' | paido-trophía 'barneoppseding'
  • paîs 'barn' | paid-agōgós 'barneførar, slave som fører born mellom heim og skule'

Samansetningsfuge

Når ei samansetningsform har eit suffiks som manglar i det sjølvstendige ordet, er det vanleg å kalle dette suffikset for ei samansetningsfuge. Døme er norske barne-hage og gresk psukhó-mantis 'åndemanar' (jamfør førre avsnitt), der e i barne og ó i psukhó- blir kalla samansetningsfuger.

Ordet fuge er uheldig, for det gir inntrykk av at «fuga» ikkje er eit suffiks, men eit sjølvstendig element som står mellom forleddet og etterleddet, som fuga mellom to mursteinar. Då blir analysen barn-e-hage og psukh-ó-mantis. Dette er ein feilaktig analyse, og den korrekte er barne-hage og psukhó-mantis.

Nokre problematiske samansetningar

Øvst i artikkelen er samansetning definert som eit ord som typisk er bygt opp av to ord, som under-tøy, blå-svart og tjuv-starte. Men kva er eit ord? I SNL-artikkelen ord er det definert slik – her i nynorsk form:

  • Eit ord er ei samanstilling av språklydar, fonem, som kan stå sjølvstendig, og som har tyding, slik som hund.

I samansetningar som under-tøy, blå-svart og tjuv-starte er både forledd og etterledd ord etter denne definisjonen, sidan under, tøy, blå, svart, tjuv og starte er vanlege norske ord. Men det finst ord som det er vanleg å rekne som samansetningar, men der forleddet eller etterleddet ikkje oppfyller definisjonen av ord. To velkjende typar kan er bringebær-samansetningar og breiskuldra-samansetningar, som er drøfta i avsnitta nedanfor. Til slutt følgjer eit avsnitt om dei endå meir problematiske edderkopp-samansetningane.

Bringebær-samansetningar

Det problematiske med bringebær-samansetningar er at forleddet ikkje oppfyller definisjonen av ord. I samansentinga bringe-bær kan ikkje bringe identifiserast med noko sjølvstendig norsk ord. (Då ser vi bort ifrå verbet bringe ‘bere, ha med seg'.) Fleire samansetningar har eit forledd som er vanskeleg å identifisere med eit sjølvstendig norsk ord, til dømes desse:

  • kirse-bær
  • kreke-bær
  • laur-bær
  • stikkels-bær
  • røss-lyng

Også tydinga til forleddet er uklar. Laur-bær tyder 'bær av laurbærtreet', med laur har inga klar tyding. Dersom dette skal reknast som samansetningar, må definisjonen av samansetning endrast, så han tillèt større variasjon:

  • Ei samansetning er eit ord som er bygt opp av to ordliknande element der minst eitt har ei leksikalsk tyding.

Breiskuldra-samansetningar

Medan forleddet er problemet med bringebær-samansetningar, er etterleddet problematisk ved breiskuldra-samansetningar, som òg blir kalla uavhendelege samansetningar. Dei viser til eigenskapar ved uavhendelege delar av noko – oftast ein kroppsdel hos eit menneske eller eit dyr, men òg ein del av ein ting.

Brei er eit vanleg norsk ord, men det finst ikkje noko ord skuldra (den bundne eintalsforma skuldra av skulder er ikkje relevant her). Her er fleire samansetningae der etterledda ikkje svarer til sjølvstendige norske ord:

  • berr-hovda
  • blå-øygd
  • keiv-hendt
  • kort-halsa
  • kvit-håra/kvit-hærd
  • klå-fingra
  • lang-håra
  • rapp-kjefta
  • sal-rygga
  • seks-beint
  • sid-rumpa
  • sju-arma
  • skjegl-øygd
  • stor-maga

Etterleddet har ei form som liknar eit perfektum partisipp, men som er danna av ei substantiv i staden for eit verb. Dette blir rekna som samansetningar, og dei stettar krava til den utvida definisjonen på slutten av førre avsnitt.

Edderkopp-samansetningar

Somtid er begge ledda vanskelege å identifisere med sjølvstendige ord, som i edder-kopp. Ordet er eit lån frå dansk edder-kop, der edder tyder 'eiter' og kop tyder 'noko tjukt, oppsvulma'. Ordet edder finst i uttrykket edder og galle, men er elles ikkje noko norsk ord. Etterleddet liknar kopp 'lite, djupt drikkekar (med hank)', men tydinga passar dårleg.

Det tilsvarande norske ordet kongro er endå meir problematisk, ved å mangle ein klar struktur. Det er nærliggjande å analysere det som kong-ro, men kva tyder då ledda? Forleddet kong kunne reknast som ei form av konge 'mannleg statsoverhovud i eit monarki', men det liknar òg kong 'kaun, byll, svoll'. Det finst fleire norske ord ro, som 'ro med årer', 'krå, hjørne', 'kvile, fred, stille', men ingen av dei passar heilt. Etymologisk kjem kongro av norrønt kǫngur-váfa, der tydinga til kǫngur er uviss, mens váfa heng i hop med verbet veve. Historisk kunne ein vente analysen kongr-o, utan at det er ein nærliggjande synkron analyse.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg