Sættargjerd er eit ord som om gamalnorske forhold blir brukt om eit større forlik eller semje. Ordet blir særleg brukt om konkordat mellom stat (kongemakt) og kyrkje, men er også brukt om forlik mellom andre partar, til dømes om semja mellom korsbrørne og predikebrørne i Nidaros 1263–1264.

Faktaboks

Etymologi
norrønt sættargerð

Den mest kjende sættargjerda er Sættargjerda i Tunsberg frå 1277, der kong Magnus Lagabøte og erkebiskop Jon Raude vart samde om ei grense mellom kongeleg og kyrkjeleg makt.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg