Rulleplagg er eit kvitt tørkle til å ha over rullen når ein reiste til kyrkje eller gjestebod. Rulleplagget var for å beskytte rullen og ein tok det av før ein gjekk inn i kyrkja eller der ein skulle vera gjest.

Rulleplagg er òg brukt om eit mangefarga pannetørkle som vart knytt rundt rullen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg