Rull er ein bygdedans mest brukt på Voss og i indre Hardanger, der han har dei norske røtene sine. Somme stader kalla dei han også kalt vossarull.

Faktaboks

Etymologi

Trolig fra skotsk

Også kjend som

vossarull, rudl

Musikken er i roleg 2/4 eller 6/8 takt og i oppbygging og rytmisk karakter mykje lik gangar. Han kan ha ein kort parvis promenade som innleiing, og han kan ha totaktssnu, men eintaktssnuen er det definerande elementet som alltid er med. Promenaden har oftast gåsteg, som også er grunnlaget for eintaktssnuen, medan totakssnuen (hamborgaren) har totrinnssteg.

På Voss har rullen vore dansa med to sviktar i takten, medan vi i Hardanger også finn han dansa med 4 eller jamvel 3 sviktar. Når kappleikane definerte rullen som bygdedans var det fordi han vart dansa til slåttemusikk. Sjølve danseelementa har dansen til felles med runddansane. Det historiske grunnlaget er truleg tysk Dreher som spreidde seg til Norden omkring 1800 i mange ulike former. Nære slektningar i danseform er Zweishcrittdreher eller Zweittritt, dansk Svejtrit og svensk snoa.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg