rulade

Artikkelstart

Rulade (ofte (feil)skrive rullade) er noko som ruller eller som er rulla saman.

Faktaboks

Uttale

rul'ade

Etymologi

frå fransk roulade, til rouler 'rulle

Også kjent som

rullade

I musikk er rulade eit eldre ord for ei rask, «rullande» tonerekkje som krev virtuos framføring.

Rulade er dessutan ein matrett av kjøtt eller fisk lagt på deig, kålblad eller liknande, som så er rulla saman.

Rulade kan også vere ei kake av samanrulla og fylt sukkerbrød, ei rullekake.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg