Rubinstrupekolibri er ein fugl i kolibrifamilien og ein av dei minste fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Archilochus colubris
- Beskriven av
- (Carl von Linné, 1758)
Som vaksen veg fuglen rundt 3,2 gram.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, tørr og fuktig tropisk skog, temperert skog, urbane område og tropisk fjellskog. Rubinstrupekolibri lever av nektar og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i skogen og i buskar.
Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.
Rubinstrupekolibri lever vanlegvis i rundt ni år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.