Rotbløyte er i daglegtalen ei nedbørsmengd som er stor nok til at vatnet trengjer ned til planterøtene. I landbruket blir omgrepet også brukt som mål for kor mykje vatn som bør gjevast ved kunstig vatning.

I hydrologien viser rotbløyte til den vassmengda som trengst for at rotsjiktet i jordlaget skal auke vassinnhaldet til feltkapasitet. Ei normal rotbløyte er rekna som cirka 25 millimeter regn eller tilført vatn.

Store nedbørsmengder på kort tid har blitt meir vanleg på grunn av klimaendringane i dei seinare tiåra, noko som fører til auka risiko for avlingstap. Variabelt vêr har også ført til at bøndene må vere meir merksame på kva tid jorda er lagleg for såing, planting og hausting.

Uttrykket blir også brukt i overført betydning om kraftig alkoholrus.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg