Rot er i språkvitskapen det ein kjem fram til når ein tek bort avleiingsaffiksa frå ei stamme.

Her er nokre norske eksempel:

  • Adjektivet venleg har stamma venleg-. Tek vi bort avleiingsaffikset -leg, sit vi att med rota ven-.
  • Verbet sovne har stamma sovn-. Tek vi bort avleiingsaffikset -n, sit vi att med rota sov-.
  • Substantivet lærdom har stamma lærdom-. Tek vi bort avleiingsaffikset -dom, sit vi att med rota lær-.
  • Substantivet venlegheit har stamma venlegheit-. Tek vi bort avleiingsaffiksa -leg og -heit, sit vi att med rota ven-.

Røtene kan ikkje delast opp i mindre morfar.

I ei stamme med fleire morfar er rota den morfen som kan utgjere ei stamme aleine. For eksempel har stamma venleg- to morfar: ven og leg. Morfen ven kan stå som stamme aleine, som i substantivet ven, og må difor vere ei rot. Morfen leg står derimot aldri aleine som stamme, berre i lag med ei rot, som i tid-leg-, tru-leg-, sjuk-leg- og så vidare.

Rot i semittisk språkvitskap

I semittisk språkvitskap blir termen rot brukt på ein annan måte enn i beskrivinga ovanfor. Ei rot i eit semittisk språk er det ein kjem fram til om ein tek bort alle avleiingsaffiksa og vokalane frå ei stamme.

Dei fleste semittiske røter er ein sekvens av tre konsonantar.

Her er to arabiske eksempel:

  • maktab 'kontor', kitāb 'bok' og mukātib 'reporter' har alle rota ktb, som også er rota til verbet kataba 'skrive'. Ma-ktab 'kontor' har avleiingsprefikset ma-, medan mu-kātib har avleiingsprefikset mu-.
  • miftāħ 'nøkkel', istiftāħ 'byrjing' og fatħ 'siger' har alle rota ftħ, som også er rota i verbet fataħa 'opne'. Mi-ftāħ 'nøkkel' har avleiingsprefikset mi-, medan isti-ftāħ 'byrjing' har avleiingsprefikset isti-.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg