Rokokko er eit omgrep som i musikkhistorie stundom er nytta om noko av musikken i perioden 1720–1780. Omgrepet gjeld repertoar som ikkje kan klassifisast som barokk eller wienerklassisk, og kor ein kan sjå likskap mellom det musikalske uttrykket og stilperioden rokokko.
Då parallellane mellom rokokko-stil og musikk ikkje har vore opplevd som særleg sterke, brukar ein vanlegvis omgrepet galant stil for å omtala perioden. Dette er eit innarbeidd uttrykk med historiske røter, som ikkje legg like sterke føringar for at det skal vere parallellar mellom biletkunst og musikk.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.