Tunsberghus
Modell av korleis Tunsberghus kan ha sett ut.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Bymuren i Visby er ein av Europas best bevarte. Han er 3,6 km lang og om lag 12 m høg. Han blei bygd mellom 1250 og 1288, ein periode med indre konfliktar mellom byborgarane og landsbefolkninga.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Ringmur er ein frittståande murvegg som omgir eit definert område. Ringmurar blei oppførte som vern mot angriparar rundt byar og utbygde plassar eller slott i eldre tider. Dei er som regel forsynte med tårn med regelmessige mellomrom og med skyttargangar for forsvararane. Ein ringmur er som regel ei form for festning, men kan òg omgi eit bygningskompleks eller ein by, som bymur. Ein ringmur kan vere fordobla, med eit mellomrom (zwinger) mellom den indre og den ytre muren. Rundt nokre kyrkjer i Romania finst det tre ringmurar.

Faktaboks

Også kjend som

enceinte

Ein ringmur dannar ei slutta planform med eit klart skilje mellom det som er innanfor og det som er utanfor, men dannar i utgangspunktet ikkje nokon definert geometrisk figur som til dømes ein «ring» eller sirkel, slik namnet ringmur skulle antyde.

Det finst talrike slike murar enno, til dømes den nedste delen av nesten heile muren rundt Tunsberghus. Best bevart og mest kjent i Norden er ringmuren rundt VisbyGotland, der størstedelen framleis består i full høgd.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg