Repp er eit mindre, busett område, ei samling av gardar eller (ein del av) ei grend eller eit bygdelag.

Faktaboks

Etymologi
norrønt (h)reppr ‘lite bygdelag’

Ordet er mykje brukt i stadnamn, for eksempel Golreppen i Hallingdal og Reppe i Trondheim.

I nokre dialektar blir ordet brukt om ein jordteig, og på Island bruker dei ordet (i forma hreppur) om ein kommune.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg