rekonstruere (bunad)

Artikkelstart

Rekonstruere er i bunadsamanheng brukt om å utvikle dei bunadane der kvart plagg er nøyaktig kopiert frå eit tilsvarande gamalt plagg. Idealet er at dei plagga som kan kombinerast har tilhøyrd same draktskikk og same tidsepoke

Faktaboks

Etymologi
frå fransk reconstruire ‘gjenoppbyggje’
Også kjent som
rekonstruert bunad, rekonstruert folkedrakt

Ein kallar ein bunad eller ei folkedrakt for rekonstruert når den nye bunaden ligg så tett opptil den opphavlege draktskikken som det er mogleg å kome, både i fasong og materialer.

I tillegg til bevarte plagg er vanlege kjelder for rekonstruksjon foto og anna biletmateriale og skriftlege kjelder som skifteprotokollar, historietekstar og samfunnsskildringar frå samtida.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg