Reguladetri er ein gamal rekneregel som kan brukast for to par størrelsar som er parvis proporsjonale. Tre av tala er gitt, og ein bestemmer det fjerde leddet i proporsjonen ved reguladetri.

Faktaboks

Uttale
reguladetrˈi
Etymologi
middellatin, regula (proportionum) de tri(bus), ‘regelen om dei tre forholda’
Også kjend som

treregelen

Eksempel

Dersom 4 meter tøy kostar 38 kroner, gir regelen prisen på 11,5 meter slik:

\(\frac{11,5}{4}=\frac{x}{38}\) eller \(x = \frac{11,5 \cdot 38}{4} = 109,25 \text{ kr}\)

Historikk

Allereie den indiske matematikaren Brahmagupta (rundt 600 evt.) brukte reguladetri-regelen med same namn. Seinare blei også andre namn brukte, mellom anna den gylne regelen, proporsjonsregelen og kjøpmannsnøkkelen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg