Kjemisk reaksjon er ein prosess der eitt eller fleire kjemiske stoff reagerer og dannar nye stoff. Alle stoff er bygde opp av atom som er bundne saman ved hjelp av ulike typar bindingar. Når desse bindingane blir brotne og sette saman på nye måtar, har det skjedd ein kjemisk reaksjon.

Faktaboks

Uttale
reaksjˈon
Etymologi
til reagere

I ein kjemisk reaksjon vil eitt eller fleire stoff (utgangsstoff) bli gjorde om til eitt eller fleire nye stoff (produkt). Det nye stoffet vil vere bygd opp på ein annan måte enn den stoffet vi hadde i utgangspunktet. Molekylet eller saltet får ein annan kjemisk struktur. Utgangsstoffa og produkta vil dessutan ha ulike kjemiske eigenskapar.

Reaksjonslikningar

Reaksjonen blir beskriven med ei reaksjonslikning, der dei kjemiske formlane til reaktantene står på venstre side og dei kjemiske formlane til produkta på høgre side. Ein kan nytte både ordlikningar, reaksjonslikningar og kulemodellar for å illustrere dette.

Ordlikning

I ei ordlikning forklarer vi den kjemiske reaksjonen ved å bruke namna til dei ulike stoffa som er med i reaksjonen:

oksygengass + hydrogengass → vatn

natriumion + klorionnatriumklorid (bordsalt)

Reaksjonslikning

I ei reaksjonslikning brukar vi dei kjemiske formlane til stoffa. Då blir det synleg kva for atom som er med i den kjemiske reaksjonen. Dersom ein skal setje opp ei balansert reaksjonslikning, må ein passe på at det er like mange atom av kvar type på kvar side av pila som symboliserer reaksjonen:

O2 + 2H2 → 2H2O

Na+ + Cl → NaCl

Kulemodell

Kulemodell for danning av vatn.
Kulemodell for danning av vatn.
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Med ein kulemodell synleggjer ein kva for atom som heng saman, og korleis molekylet er bygd opp.

Eksempel

Eit døme på ein kjemisk reaksjon er at hydrogen og oksygen reagerer og dannar vatn. Dette kan skrivast med følgjande balanserte reaksjonslikning:

2H2 + O2 → 2H2O

Denne reaksjonslikninga beskriv kva reaktanter som reagerer og kva som er produkta på mikronivå: To hydrogenmolekyl reagerer med eitt oksygenmolekyl og dannar to vassmolekyl.

Reaksjonslikninga kan også skrivast

2H2(g)+ O2(g) → 2H2O(l)

Denne likninga beskriv reaksjonen på makronivå: Ei viss stoffmengd hydrogengass reagerer med halve stoffmengda oksygengass og gir same stoffmengd flytande vatn. Ved høgare temperatur er produktet vassdamp, altså H2O(g).

Ulike kjemiske reaksjonar

Når kjemiske reaksjonar liknar kvarandre, blir dei kategoriserte som same type reaksjon. Her er døme tre på typar av kjemiske reaksjonar: Dersom eit stoff gir eit elektron (e-) til eit anna stoff, kallar vi det ein red-oksreaksjon. I ein syre-base-reaksjon blir eit proton (H+) flytta frå eitt stoff til eit anna. Når eit stoff reagerer med O2 og det blir danna varme, blir reaksjonen klassifisert som ein forbrenningsreaksjon.

Nokre andre eksempel på kjemiske reaksjonar er

Ein kjemisk reaksjon som krev tilførsel av energi for at temperaturen i blandinga skal haldast konstant blir kalla ein endoterm prosess. Dei fleste reaksjonar gir energi, slik at temperaturen i blandinga stig, og ein slik reaksjon er ein eksoterm prosess.

Reaksjonar som krev lys, som til dømes fotosyntese, blir kalla fotokjemiske reaksjonar. Det finst òg reaksjonar som gir lys, sjå kjemoluminescens.

Kjenneteikn på ein kjemisk reaksjon

På makronivå

Blandar me to løysingar med kvart sitt kjemiske samband, og det anten skjer ei utfelling av eit fast stoff eller det blir danna ein gass, er dette tydelege teikn på at det har skjedd ein kjemisk reaksjon.

Andre gonger kan det vere vanskeleg å sjå om det har skjedd ein reaksjon. Ein indikasjon kan vere at temperaturen på løysinga blir forandra, eller at løysinga skiftar farge.

I ei blanding der det er kjemisk likevekt mellom stoffa skjer det reaksjonar heile tida, men det gir ikkje noko synleg uttrykk.

På mikronivå

Her brytast kjemiske bindingar mellom atom, og i alle fall nokre atom blir bundne til andre atom.

Faseovergongar

Ein faseovergang, altså ein overgang mellom to fasar av same stoff, blir ikkje rekna som ein kjemisk reaksjon, sjølv om bindingar mellom atoma blir brotne når stoffet går frå ein fase til ein annan. Døme på faseovergangar er smelting av is til vatn og overgang frå vatn til vassdamp.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg