Røsslyng på Finse.
Calluna vulgaris, røsslyng
Røsslyng er ein av dei vanlegaste lyngplantane våre.

Røsslyng er ein art i lyngfamilien.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Calluna vulgaris
Beskriven av
(L.) Hull
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig

Røsslyngen blir 10–50 centimeter høg og har greinete lyng med motsette blad som sit på heile året. Det mest synlege i blomen er dei lyseraude begerblada. Kronblada er også raude, men dei er små og sit inne i blomen. Røsslyng blir bestøva av ein tripsart (eit millimeterstort insekt), som lever inne i blomen.

Røsslyng er vanleg på torvgrunn og skrinne stader i heile Noreg, og på fjellet opp til 1350 meter over havet. Tidlegare var røsslyngheiane langs kysten viktige beiteområde. Dei vart brende med jamne mellomrom slik at plantane kunne koma med nye, friske skot, samstundes som at oska tilførte mineral til det fattige jordsmonnet. Røsslyng er ein viktig honningplante for bier. Kulturformer med ulike blomefargar blir dyrka i hagar.

Røsslyng har mange folkenamn, som lyng, bustelyng, beiteslyng, grålyng, gråhæra, heimshæror og heidlyng. I folkemedisinen vart greinspissane brukte som blodreinsande og urindrivande middel, og mot gikt.

Røsslyng vart i 1976 kåra til Noregs nasjonalplante etter røysting blant lyttarane av NRKs Nitimen, ein tittel han deler med arten bergfrue.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

røsslyng
Calluna vulgaris
Tidlegare vitskapleg namn
Erica vulgaris L.
Artsdatabanken-ID
101775
GBIF-ID
2882482

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg