Pubquiz

Ein quiz er ei spørjetevling der deltakarane prøver å svare rett på kunnskapsspørsmål. Quiz finst i fleire former, som spørjebøker, avisquizar, spørjespel, underhaldningsprogram og pubquizar. Her ser me den sistnemnde forma.

Av /NTB.
Ordet quizmeister i bøker og aviser
Det er òg vanleg å nytte ordet quizmeister om forfattarar av spørjebøker og avisquizar.
Ordet quizmeister i bøker og aviser
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Ein quiz er ei spørjetevling der deltakarane prøver å svare rett på kunnskapsspørsmål.

Faktaboks

Uttale
kviss
Etymologi
frå engelsk quiz, av ukjend opphav
Også kjend som

kviss (Språkrådet jamstilte quiz og kviss i 2015); spørjetevling; spørjekonkurranse; spørrekonkurranse (bokmål); quiz kan òg tyde tilstelling med spørjetevling, til dømes i «Eg går på quiz kvar fredag»

Quiz finst i fleire former, som spørjebøker, avisquizar, spørjespel, underhaldningsprogram og pubquizar. I dag er quiz òg ein sport. Både NM, EM og VM har vorte arrangerte frå tidleg i 2000-åra. Norske utøvarar er samla i Norges Quizforbund, og det norske landslaget høyrer til verdseliten i quizsport.

Både konkurranse, opplysning og underhaldning er vanlege aspekt ved quiz. Dersom quizen er arrangert, til dømes på ein pub eller i eit familieselskap, vert han leidd av ein quizmeister. Denne kan gjerne vere quizforfattaren sjølv. I nokre quizar svarer deltakarane skriftleg, i andre munnleg. Eit særtrekk ved spørsmåla er presisjon, at det skal vere eintydig kva som er riktig svar. Då er det (vanlegvis) lett å sjå om ein deltakar har svart rett eller gale.

Quiz vert òg nytta i skule og høgare utdanning, både i undervisinga og som prøveform. Eit døme er fleirvalsprøver til eksamen.

Ordet spørjetevling eller spørjekonkurranse vert ofte nytta synonymt med quiz, men kan òg vise til aktivitetar der spørsmåla ikkje handlar om kunnskapstesting.

Spørjebøker

Temaquizbøker
Både store og små tema kan verte gjenstand for temaquizbøker. Her handlar det om andre verdskrigen, Bibelen, Bergen, film og TV, geografi og hundar.
Temaquizbøker
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Spørjebøker er samlingar av quizspørsmål og tilhøyrande svar utgjevne i bokform. I dag er det mange norske forlag som gjev ut quizbøker, med alt frå nokre hundre til 10 000 spørsmål. Dei kan vere allmenne eller handle om bestemte tema. Dei fleste er for vaksne, men det finst òg spørjebøker for barn. Både påske og jul er høgsesongar for quizbøker. Nokre forfattarar deltek i quizmeisterskapar sjølve, andre ikkje. Det finst òg forfattarar som er kjende frå andre felt og til dømes lagar spørjebok om dette feltet.

Ei av dei første spørjebøkene me kjenner til er frå 1927. Ho vart utgjeven i Storbritannia, men skildrar quizen som ei amerikansk oppfinning. Eit tidleg norsk døme er to bøker frå 1928 og 1929 av Kolbjørn Fjeld. Båe heiter Hvem vet det? 1250 spørsmål og svar. Me må likevel fram til 1950-åra før me kan kalle spørjebøkene vanlege her til lands.

Avisquizar

Allereie frå 1940-åra har me mange døme på quizar i norske aviser. Sjølv om ordet quiz finst på trykk i norsk så tidleg som i dette tiåret, var det først rundt tusenårsskiftet at bruken skaut i vêret. Dei små quizspaltene hadde i staden titlar som «Dagens intelligensprøve» og «Er De gløgg?». I 1952 kom vekebladet , som snart lanserte quizspalta «Er De orientert?».

Omfanget av avisquizar synest å ha auka særleg mykje frå 1980-åra. I dag har mange norske aviser eigen quizmeister. Han eller ho leverer gjerne ein quiz med 15–60 spørsmål kvar veke. Det finst òg daglege avisquizar med færre spørsmål. Ein har dessutan quiz i nærliggjande medium som vekeblad.

Spel

Bezzerwizzer-spel
Det danske spelet Bezzerwizzer kom i 2006 og har vorte ein konkurrent til Trivial Pursuit og Geni. Nedst i mørkegrønt ser me den første norske utgåva frå 2008. Over og til høgre er nyare Bezzerwizzer-spel.
Bezzerwizzer-spel
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Det finst mange quizspel, til dømes som brettspel og videospel. Her vert quiz ofte blanda med andre element, som terningkast (flaks) og taktikk. Ein kappast gjerne om å få flest poeng eller brikka si først i mål.

Eit tidleg døme på quizspel er Travellers’ Tour Through the United States, som kom allereie i 1822. Dette er det eldste av dei 18 spørjespela BoardGameGeek har registrert frå 1800-tallet. Me må heilt fram til 1980-åra for å finne dei kjende brettspela Trivial Pursuit og Geni. Det var først då sjangeren slo gjennom for fullt. Båe kombinerer quiz med terningkast. Til samanlikning er det større grad av taktikk i Bezzerwizzer frå 2006.

Det finst òg ulike temaspørjespel, til dømes Bøkenes verden, Erobreren (om historie), Ingeniørspillet og Økonomispillet, og ulike spørjespel som er baserte på underhaldningsprogram.

Eit døme på quiz som videospel er serien Buzz! for PlayStation frå 2005. Det finst òg ei mengd appar og nettstader for quiz. I 2013 kom Kahoot!, ei norskutvikla læringsplattform som i hovudsak er quizbasert. Den har vorte ein stor suksess.

Underhaldningsprogram

Kvitt eller dobbelt, 1961

Allereie frå 1961 hadde NRK fjernsynet suksess med spørjetevlinga «Kvitt eller dobbelt». Biletet er frå den første sesongen. I tenkeboksen ser me kandidaten Per Seglen, som er i ferd med å vinne topp-premien på temaet sommarfuglar. På dette tidspunktet var topp-premien 10 000 kroner. Ved stativet står programleiaren Gunnar Haarberg.

Av /Aktuell/NTB.

Quiz kjem òg i form av underhaldningsprogram. Mange av dei inngår i den meir omfattande sjangeren gameshow, som vart populær i amerikansk radio frå 1930-åra. Den britiske stavekonkurransen Spelling Bee frå 1938 vert rekna som verdas første TV-sende gameshow. Før TV-en kom til Noreg gjekk det quizprogram i radioen, til dømes Rolf Kirkvaags populære Det spørs. Allereie året etter opninga av fjernsynet i 1960 debuterte klassikaren Kvitt eller dobbelt med Gunnar Haarberg, etter kvart med Knut Bjørnsen og Nadia Hasnaoui som programleiarar.

Nokre kjende døme på norske og internasjonale quizprogram, oppførte med (det norske) debutåret:

  • Det spørs (1954)
  • Kvitt eller dobbelt (1961)
  • Kontrapunkt (1965)
  • Påskenøtter (1984)
  • Påskelabyrinten (1987)
  • Klar en klassiker (1988)
  • Popquiz (1988)
  • 5 PÅ! (1989)
  • Julenøtter (1992)
  • Jeopardy! (1994)
  • Vil du bli millionær? (2000)
  • QuizDan (2011)
  • Klassequizen (på landsbasis frå skuleåret 2012/2013)
  • Huskestue (2015)
  • Hva feiler det deg? (2016)
  • Alle mot alle (2020)

Internasjonalt finst det òg suksessar som ikkje har vorte sende i Noreg, eller som berre har hatt moderat hell her til lands. Nokre døme er svenske På spåret og britiske University Challenge, Mastermind, The Weakest Link, Eggheads og The Chase.

Pubquiz

Lagkonkurransen i quiz-NM
I lagkonkurransen i quiz-NM sit deltakarane rundt eit bord som på ein vanleg pubquiz, men spørsmåla er vanskelegare. Her har det vorte spurt om namnet på ein pakistansk provins. 17 av dei 37 laga svarte rett. Biletet er frå NM i 2019.
Lagkonkurransen i quiz-NM
Av .

Ein pubquiz er som regel ein lagquiz arrangert på pub, kafé eller liknande stader. Omfanget er ofte på 30–50 spørsmål. Det sosiale aspektet er gjerne vel så viktig som sjølve konkurransen. Ulike stader kan ha ulik stil, til dømes på innhald og vanskegrad.

Som pubkulturen generelt er også pubquizen sterkt knytt til Storbritannia. Der var han godt etablert i 1980-åra. Her til lands har puben The Belfry i Oslo vorte peikt ut som eit tidleg døme. Dei hadde quiz frå rundt årsskiftet 1996/1997. Seinare har fenomenet spreidd seg til heile landet.

Quiz som sport

Finalebordet i den individuelle tevlinga i NM
Den individuelle tevlinga i NM endar i eit finalebord. Her har alle markørane handa i vêret, fordi alle finalistane har svart rett. Biletet er frå NM i 2013.
Finalebordet i den individuelle tevlinga i NM
Av /Norges Quizforbund.

Quizsporten voks fram rundt tusenårsskiftet. Både NM, EM og VM starta som små arrangement i åra 2003–2004. I dag trekkjer NM og EM gjerne eit par hundre deltakarar, VM eit par tusen. England er dominerande, følgt av land som Belgia, Estland, Finland, Noreg og Tyskland.

Til forskjell frå mange andre sportar er det sentrale elementet i quizsport nytt kvar gong, nemlig kva for spørsmål som kjem. Dette kan ha mykje å seie, sidan utøvarane varierer i kjønn, alder, faglege styrkar og så bortetter. Difor er det utfordrande å lage quizar som er rettferdige. NM-arrangørane har ei eiga rettleiing, inkludert ein definert vanskegradsskala.

Noreg

Quizlandslaget til topps i Venezia i 2018

Det norske quizlandslaget som vann IQAs mest prestisjetunge lagkonkurranse: Nations Cup i EM i 2018. Vinnarane som slo Belgia i finalen, frå venstre: Thomas Kolåsæter, Tore Heliks Van Dahl, Ole Martin Halck og Lars Heggland. Førstnemnde er landets mest meritterte quizsportutøvar, med klart flest av både sigrar i NM individuelt og norske besteplasseringar i VM.

Quizlandslaget til topps i Venezia i 2018
Av .

I Noreg er quizsporten organisert i Norges Quizforbund, som vart stifta i 2004. Forbundet arrangerer NM kvar haust, med open påmelding og disiplinane individuelt, par og lag. Deltakarane stiller i open klasse, som ikkje er delt inn etter kjønn. Det er eigen juniorklasse for deltakarar til og med 26 år. Kvar quiz er på om lag 100 spørsmål. Nokre andre forbundsaktivitetar er å arrangere noregscup, omsetje VM til norsk og ta ut landslag.

Norske utøvarar varierer mykje i alder, og mange har høgare utdanning. Majoriteten av deltakarane er menn, jamvel om NM ser båe kjønn i alle sjikt.

Av dei nordiske landa hevdar Finland seg vel så mykje som Noreg. Det finst òg eit Dansk Quiz Forbund og ein Svenska Quizföreningen.

Internasjonalt

Einarar i internasjonal quizsport

Dei fleste utgåvene av quiz-VM har vorte vunne av ein av desse tre, som alle tevlar for England. Frå venstre: Pat Gibson, Kevin Ashman og Olav Bjortomt. Den sistnemnde er halvt norsk. Biletet er frå EM i Brugge i 2011.

Norges Quizforbund er tilknytt det internasjonale forbundet IQA (International Quizzing Association). IQAs mest prestisjetunge individuelle konkurranse er VM. Dette er éin individuell quiz på 240 spørsmål som vert distribuert globalt, med open påmelding.

Det beste norske resultatet i VM er ein åttandeplass (per VM 2022). Noreg har likevel fleire sigrar i internasjonale konkurransar som er laga av andre enn IQA. Døme på slike quizar er norske Norway Open og kroatiske Squizzed.

IQA har òg arrangert EM kvart år. I motsetnad til VM er dette eit geografisk samla arrangement som dessutan har fleire quizar. Det vart ein merkedag i NQF då det norske landslaget gjekk til topps for første gong i Venezia i 2018.

Frå 2016 går EM ut kvart fjerde år for nykommaren quizolympiade, i praksis ei noko større utgåve av EM. Frå 2022 er EM endra til Ultimate Quizzing Championships. Dette er som EM, endringa er at også ikkje-europeiske deltakarar kan vinne. Det er fordi ein har sett at meisterskapen òg trekkjer deltakarar frå til dømes USA, Australia og India.

Juks

Som i dei fleste typar sport og spel kan quiz òg verte råka av juks. Norges Quizforbund har eit eige reglement for konkurransane sine. Også på pubquizar og andre meir uformelle quizarrangement vil mange vere opptekne av å unngå juks.

Det finst vidgjetne døme på juks i underhaldningsprogram. Her bør me nemne amerikanske Twenty-One, som gjekk i 1950-åra. Det viste seg at både utfordraren og den regjerande meisteren hadde fått spørsmåla på førehand. Den spesielle historia dannar utgangspunktet for filmen Quiz Show frå 1994, med Ralph Fiennes og John Turturro som dei to konkurrentane.

Eit anna døme er Charles Ingram, som britiske Who Wants to Be a Millionaire? utan tvil reknar som juksemakar. Dette var i 2001. Dei meiner at han på fleire av spørsmåla «resonnerte» seg gjennom dei fire alternativa og fekk allierte til å hoste når han uttalte det riktige svaret. Mistanken kom i god tid før han hadde svart rett på alle spørsmåla, og programmet vart ikkje sendt. I staden for millionpremie vart det rettssak. Hosteskandalen har vorte opphav til både ei bok (2015), eit teaterstykke (2017) og ein TV-serie (2020).

Også i VM har deltakarar vorte diskvalifiserte, trass i at quizsportpremiar stort sett er heider og ære. Diskvalifisering har derimot aldri skjedd i NM. Det er likevel naivt å tru at juks ikkje har skjedd her til lands, til dømes på pubquizar og digitale quizar under koronaviruspandemien.

Det finst nokre quizar der medhjelparar og oppslagsverk er tillatne, men desse er i mindretal. I dei fleste quizar gjeld den grunnleggjande regelen: å finne svaret i sitt eige hovud.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg