Framsida av Aftenposten 24. mars 1923, med annonsen for Bergensbanen plyndret inat.

/Faksimile.

Påskekrim er eit særnorsk fenomen der kriminalhistorier i ulike sjangrar blir knytte tett opp til påska. Kriminallitteratur blir gitt ut og blir spesielt marknadsført før påske. TV-kanalar, radiokanalar og strøymetenester sender krimseriar. Avisene melder og tilrår krim i ulike sjangrar, og det blir løyst kriminalmysterium i teikneseriar og på mjølkekartongar.

Krimbøkene

Tradisjonen med påskekrim blir oftast ført tilbake til utgivinga av spenningsromanen Bergenstoget plyndret inat!, som kom ut i 1923. Romanen er skriven av Jonathan Jerv, som er eit pseudonym for forfattarane Nordahl Grieg og Nils Lie. Handlinga er lagd til første påskedag, som samstundes er 1. april, og går føre seg på påskefjellet ved Haugastøl. Forlaget marknadsførte boka med ein annonse som fekk det til å sjå ut som om toget verkeleg var plyndra.

At forlaga marknadsførte lettare underhaldningslitteratur fram mot feriar, var og er vanleg i bokbransjane i mange land, og det var heller ikkje noko nytt i Noreg på 1920-talet. Men dømet med Bergenstoget plyndret inat! viser eit tydeleg medvit hos dei norske forlaga om koplinga mellom krim og hytteferien på påskefjellet.

Tradisjonen med å med å lese krim på påskehytta har bidrege til at det blir publisert spesielt mange krimbøker tidleg på året i Noreg, og at dei blir marknadsførte og melde før påska. Det har dimed blitt etablert eit anna lanseringsvindauge for krimlitteraturen enn for andre skjønnlitterære utgivingar, som gjerne blir gitt ut under den såkalla bokhausten for å vere klare til julesalet. På 1990- og 2000-talet har kriminallitteraturen fått ein svært sterk posisjon blant norske boklesarar, noko som kan ha bidrege til å styrkje fenomenet.

TV-krim

NRK, som lenge hadde monopol på TV og radio, sende krim på TV kvar fredag på 1960-talet og utetter under vignetten Detektimen. Det tok noka tid før dei sende krim på heilagdagane i påska. 1976 er første året dei sende krim på skjærtorsdag og langfredag, og sidan har det vore ein ubroten tradisjon. I 1979 skreiv VG: «Ingen påske uten en påskekrim. Det har jo blitt tradisjon at NRK tenker på hjemmesitterne (eller de med fjernsyn på hytta) og sender en kriminalserie i påskedagene (...)». Påska 1980 annonserte NRK med «radioteaterets påskekrim», som var Graham Greenes Den tredje mann og blei send i fleire delar. NRKs påskekrim har spesielt vore filmatiseringar av detektivromanar. Ein tilbakevendande karakter i NRKs påskekrim er Adam Dalgliesh, basert på bøkene til P.D. James. Dalgliesh har vore årets påskekrim sju gonger på NRK frå 1984 til 2010.

Der kriminalboka gjorde at ein kunne få litt lettare underhaldning og eigentid på ei lita hytte, var NRKs påskekrim på TV og radio på 1970- og 1980-talet noko mange følgde med på i fellesskap, og som kunne få form av ritual i høgtida. TV 2 følgde raskt opp tradisjonen då kanalen blei etablert på starten av 1990-talet, og på 2020-talet følgjer mange strøymetenester opp med å lansere og profilere krim-seriar til påske i same tradisjon.

Utbreiinga av ordet

Sjølv om påskekrim som fenomen har ein 100 år lang tradisjon, og sjølv om ordet har vore i bruk om NRKs krimseriar i påska sidan overgangen til 1980-talet, har bruken av ordet i norske medium auka sterkt på 2000-talet. I avisdatabasen Retriever, som katalogiserer mange norske aviser, finn ein fem treff på ordet påskekrim i 1980. I 1990 finn ein 11 treff på ordet, medan det i 2000 er registrert 105 treff og i 2010 heile 1194 treff.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg