Iron Horse-prærien i Minnesota.
.
Lisens: CC BY 2.0

Prærie er vidstrekte, trelause grassletter. Ordet blir særleg brukt om dei fruktbare slettene i Nord-Amerika som strekkjer seg frå Illinois i aust til foten av Rocky Mountains i vest, frå Texas i sør til dei kanadiske provinsane Sascatchewan og Alberta i nord.

Faktaboks

Uttale
prˈærie
Etymologi
engelsk og fransk prairie, ‘eng’

Medan dei meir nedbørrike austlege slettene opphavleg var dekte av langt gras (tall-grass prairie), var dei tørrare vestlege delane, The Great Plains, dekte av kort gras (short grass plains). Præriejorda er eit kalsium- og humusrikt jordsmonn som er ei svært god dyrkingsjord. Det meste av prærien er i dag oppdyrka; i aust blir det hovudsakleg dyrka mais, i dei sentrale områda kveite.

Svært lite av den opphavlege prærien er bevart. Overgangen frå naturleg vegetasjon til monokultur har medført kraftig vinderosjon, særleg er dei vestlege prærieområda råka av dette. I 1930-åra skapte erosjonen sandstormar – «The Black Blizzards». Jordkonservering blir no sikra gjennom «dry farming», kunstig vatning og «contour plowing», der plogfòrene blir lagt horisontalt for å samle opp overflatevatnet. Likevel går framleis store delar av det fruktbare jordsmonnet tapt kvart år.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg