Privativ er i grammatikken eit element som gjer at eit ord får negativ eller nektande tyding.

Faktaboks

Uttale
prˈivativ
Etymologi

fra latin privare, 'berøve'

Nokre norske eksempel er prefiksa u- i ord som uønskt, a- i ord som asosial og in- i ord som inhabil. Med adjektiv som laus, tom og fri som etterledd kan ein lage samansetningar som uttrykkjer mangel på noko:

  • beinlaus, arbeidslaus
  • innhaldstom, folketom
  • sukkerfri, feberfri

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg