privatisering

Artikkelstart

Privatisering, vil seie å overføre frå offentleg til privat eigedom eller drift. Viss eit føretak blir privatisert vil det gå frå å vere eigd og driven av staten, eit fylke eller ein kommune, til å bli eigd og driven av eit privat firma. Privatisering er eit heitt politisk tema.

Faktaboks

Uttale
privatisˈere
Etymologi
avledet av privat

Eit viktig skilje når det gjeld omgrepet privatisering, er om ei teneste er heilt privatisert eller om det berre er privatisert når det gjeld kven som utfører oppgåva, kalla driftsprivatisering. Ved driftsprivatisering har det offentlege framleis ansvaret for tenesta og finansierer tenesta heilt eller delvis, jamvel om private overtek sjølve produksjonen av tenesta.

Politiske debattar om privatisering

Dei som er for privatisering i norsk politisk debatt, finn ein oftast på høgresida i politikken eller på arbeidsgivarsida. Dei meiner at privatiseringa gir meir valfridom, ofte høgare kvalitet og mindre samla kostnader. Kritikarane er ofte fagforeiningar og parti på venstresida. Dei stiller spørsmål ved kor mykje pengar det er å spare på privatisering og konkurranseutsetjing, og om det kan gå ut over kvaliteten.

Eit døme på eit kontroversielt sal av offentleg verksemd var då tidlegare Statoil, no Equinor, vart delprivatisert i 2001. Som følgje av delprivatiseringa kunne selskapet operere friare internasjonalt. Staten eig framleis to tredelar av Equinor-aksjane. Det vart òg livleg debatt då Høgre og Framstegspartiet, som då var regjeringsparti, i 2013 varsla at dei ville selje Flytoget og delar av den statseigde skogen. Sala vart stoppa fordi støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti ikkje var samde med regjeringspartia.

Privatisering av skule- og velferd

I norsk skule- og velferdspolitikk handlar striden om privatisering i hovudsak om driftsprivatisering. Den politiske debatten gjeld då kven som skal levere tenester, medan det offentlege betaler og har ansvaret for tenesta. Striden gjeld såleis om det offentlege skal betale for fleire private skular, sjukeheimar eller sjukehus, som framleis skal vere gratis eller ha ein låg pris for brukarane. Dermed vil både dei som har mykje, og dei som har lite pengar, kunne bruke det private tilbodet. Ofte er det dei mest ressurssterke brukarane som nyttar valfridomen til å velje mellom ulike tenestetilbydarar.

I mange land er tenester som i Noreg vert finansierte av det offentlege, i større grad heilt private, slik at kvar brukar betaler langt meir for tenesta. Då vil kor mykje pengar ein har, mellom anna bestemme kor godt helsetilbod ein har råd til. Til dømes er det amerikanske helsevesenet på langt nær fullfinansiert av det offentlege. I USA er om lag to tredelar av sjuke- og eldreheimar drivne av kommersielle selskap.

Storbritannia er eit døme på eit land med eit anna skulesystem enn det norske, med eit større innslag av eksklusive private skular. Elevane som går ved desse høyrer til eliten i det britiske samfunnet. Vanlege folk har ikkje råd til å sende borna til desse skulane. I Noreg får ikkje dei private skulane med offentleg støtte lov til å krevje høg foreldrebetaling. Difor vert ikkje dei typiske private skulane i Noreg eksklusive. Om lag fire prosent av norske grunnskuleelevar gjekk i 2020 på private skular i Noreg. På vidaregåande skule gjaldt det 8 prosent av elevane.

Også i Noreg finst det eit fåtal private skular utan rett til offentleg støtte og med høg foreldrebetaling. Tronarvingen Ingrid Alexandra har gått på ein slik skule, Oslo Internasjonale Skole. Norske foreldre betaler om lag 100 000 kroner i året for skuleplassen til barnet på denne skulen. For eit barn med utanlandske foreldre betaler foreldra nærmare 200 000 for skuleplassen.

Andre tydingar av ordet 'privatisering'

Privatisering betyr òg å framstille noko som ei privat eller personleg sak. Til dømes, viss eit problem er privatisert, er det eit personleg problem og ikkje eit allment problem som gjeld heile samfunnet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gro Sandkjær Hanssen, Marit Kristine Helgesen og Signe Irene Vabo: Politikk og demokrati. En innføring i stats- og kommunalkunnskap, 3. utgåve. Oslo 2011
  • Rolf Rønning, Rolf og Jon Helge Lesjø: Vårt politiske Norge. En innføring i stats- og kommunalkunnskap, 4. utgåve. Bergen 2015

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg