Prins, middelstidleg eplesort, mest dyrka på Vestlandet (Hardanger). Haustetid i starten av september. Frukta er gulfarga med raudt i striper eller flammer på solsida. Hos varianten Raud Prins er det meste av frukta dekka med raudt, mens Kronprins er mørkeraud i fargen. Prins er ein nøysam sort som har vore dyrka i ei årrekke.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.