Prakthjelm, Aconitum x stoerckianum, er ei fleirårig urt i hjelmslekta i soleiefamilien. Planta er ei kryssing mellom artane storhjelm (Aconitum napellus) og A. variegatum og vert dyrka som prydplante. Det finnes mange former av prakthjelm. Desse blømer frå juli til september med blomar i sjateringar frå blå til kvite.   

Planta er ein framand art i Noreg som ikkje er på svartelista, men er oppført med potensielt høg risiko for invasjon. Dette er på grunn av spreiing til natur ved utkast frå hagar. Planta er frøsteril, men ho dannar store klonar ved krypande jordstenglar.

Prakthjelm er giftig.

Prakthjelm er ei frøsteril kryssing mellom storhjelm (Aconitum napellus) og A. variegatum. Planta finnes i mange former og vert mellom 1 og 2 m høg. Planta har håndflika blad og dei mange blå til kvite blomane sit i ein toppstilt klase. Blomane er einsymmetriske, og dei fem begerblada dannar hjelmen som er karakteristiske for hjelmslekta. To av kronblada er omdanna til honninggøyme med nektar som tiltrekk insekt til pollinering av planta. Blomen har mange pollenberarar og mellom 3-5 fruktblad. Fruktene som vert danna er belgkapslar som inneheld mange frø. Desse er sterile, og planta formeirer seg vegetativt ved hjelp av krypande jordstenglar.

Prakthjelm har vore dyrka som prydplante i Noreg sidan 1800-talet og mogleg så langt tilbake som til middelalderen. I dag er ho ei svært vanleg staude i hagar landet over.  

Planta er ei kryssing av to søreuropeiske hjelmslektartar; storhjelm (Aconitum napellus) og A. variegatum. Ho står i dag oppført som ein framand art med potensielt høg risiko for invasjon. Ho har sidan 1873 spreidd seg frå hagar til natur i heile landet med aukande frekvens.    

Prakthjelm veks i vanleg hagejord, og trivest best i halvskugge. Planta er hardfør til H8.  

Planta er giftig og rotstokken inneheld akonitin som mellom anna kan gje nedsett allmenntilstand og paralyseringar.  

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.