Prélude non mesuré er ei form for preludium der satsen ikkje er inndelt i ein taktart eller bunden av eit metrum. Sjangeren er særleg forbunden med barokkmusikk i Frankrike, der kunsten å improvisere frie preludium resulterte i ein særeigen notasjon som var spesielt tilpassa denne stilarta.

Faktaboks

Etymologi
fransk for «preludium utan taktsignatur»
Preludium i D-dur av Louis Couperin

Eit vakkert nedteikna prélude non-mesuré i D-dur for cembalo av Louis Couperin frå Bauyn-manuskriptet.

Stil

Préludes non mesurés var typiske for lutten og cembaloet, som hadde eit nært slektskap kva gjaldt både klang og speleart. Dette musikalske samkvemet blei dyrka av komponistar som blant andre Denis Gaultier, Louis Couperin, Charles Mouton og Jean-Henri d'Anglebert, som alle skreiv svært innhaldsrike og varierte preludium utan taktsignatur. Tidlege eksempel på préludes non mesurés finst allereie i luttabulatur frå slutten av 1500-talet, mens dei mot midten av 1600-talet er å finne som eigne komposisjonar meint for cembalo.

Sjølv om eit prélude non mesuré ikkje er delt inn i eit system i takter med fast puls, legg akkordar, forsiringar og rytmiske gestar opp til eit visst musikalsk forløp, der utøvaren etter eige skjønn førebur og formar frasene gjennom bruk av tid, arpeggering og klangbehandling. I akkordrekkene legg gjerne komponisten opp til eit sofistikert samspel mellom ulike stemmer, ofte gjennom små imitasjonar, som saman skapar melodiske linjer gjennom lappeteppet av harmoniar. I enkelte tilfelle blir også dei rytmisk frie seksjonane avløyst av ein fuge eller ein annan type sats med fast puls.

Preludium i d-moll av Jean-Henri d'Anglebert

Eit meisterverk i sjangeren prélude non-mesuré: preludiet frå Jean-Henri d'Anglebert sin cembalosuite i d-moll. Merk skilnaden i notasjonsstilen samanlikna med Louis Couperin.

Notasjon

Måten eit prélude non mesuré blei nedteikna på, varierer mellom komponistane, noko som særleg kjem til syne i bruken av noteverdiar for å skilje mellom reine akkordar og melodisk materiale.

I avskriftene etter Louis Couperin finst eksempelvis kun preludium med heilnotar, og akkordar som skal bli haldne nede blir heller indikert med ei form for ligatur. Hos komponistar som d'Anglebert og Nicolas Lebegue finst derimot ein klårare skilnad mellom det harmoniske reisverket og melodilinjene, då akkordar blir noterte med heilnotar og det melodiske materialet med mindre noteverdiar som åttande- og sekstandedelar.

Avstanden mellom notane og forskyvinga på tvers av linjene gir også ein indikasjon på tempoet til dei ulike frasane og akkordbrytningane.

Preludium for lutt av Denis Gaultier.
Eit tabulatur med eit prélude non-mesuré for lutt av Denis Gaultier.

Utanfor Frankrike

Rytmisk frie preludium var ikkje unike for Frankrike, sjølv om notasjonen i andre delar av Europa ofte var lettare å kjenne att gjennom bruk av taktinndelingar. Samtidig valde også nokre franske komponistar, slik som François Couperin, å notere preludia sine inndelt i vanlege takter, for så å indikere om dei skulle spelast med fast puls (altså mesuré).

Parallelt med préludes non mesurés utvikla komponistar som Girolamo Frescobaldi ein toccatastil som deler mange trekk i tilnærminga til puls. I skjeringspunktet står musikkosmopolitten Johann Jacob Froberger med sin toccatastil som blei imitert i form av eit prélude non mesuré hos Louis Couperin.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg