polonese (plagg)

Artikkelstart

Polonese er ein halvlang overklednad for kvinner, med trøye- eller tunikaliknande fasong. Polonese er ofte sidare bak enn framme.

Faktaboks

Etymologi
til fransk polonais ‘polsk’

Polonese har truleg østeuropeisk opphav. Plagget kom til Noreg i siste halvdelen av 1700-talet, særleg i moten i 1780-åra.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Imsen/Winge: Norsk Historisk Leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg