pion - planteslekt

Pion av . CC BY 2.0

Pionslekta er den einaste slekta i pionfamilien. Ho består av 35 artar buskar og fleirårige urter. Artane i slekta finnes på den nordlege halvkula, og fleire av dei har lang tradisjon som pryd- og medisinplanter.

Faktaboks

Uttale
piˈon
Etymologi
av gresk
Også kjent som

Paeonia

Peon

Skildring

Artane i pionslekta er buskar eller fleirårige urter med delte blad og med store, oftast raude blomar. Blomen har fem til åtte store kronblad. Fruktene som vert danna er belgkapsler som inneheld store frø.

Dyrking og bruk

Fleire artar vert dyrka som stauder, og desse har gjerne fylte blomar. Bondepion, P. officinalis, er meterhøg, og er ein svært gamal hageplante i Noreg. Andre artar som vert dyrka er silkepion, P. lactiflora, med raudfarga blad og kvite eller lyseraude blomar, og trådpion, P. tenuifolia, med blad som er delt i trådsmale flikar. Trepion, P. suffruticosa, er ein liten busk med store, praktfulle blomar. Hagepion, P. x cultorum er ein hybrid med mange storblømande sortar, og finnes med både enkle og fylte blomar med kronblad i ulike fargar.

Utbreiing

Artane i pionslekta finst naturleg i fem atskilte område på den nordlege halvkula: i Aust-Asia, Sentral-Asia, vest i Himalayafjellkjeda, i Middelhavsområdet og i vestlege delar av Nord-Amerika.

Systematikk

Systematikken innan pionslekta har vore vanskeleg å finne ut av, mellom anna grunna artar som har oppstått ved hybrid artsdanning kombinert med polyploidisering. Basert på molekylære analysemetodar vert slekta no delt inn i tre seksjonar: Paeonia, Moutan og Oneapia.

Nivå

Norsk namn

Vitskapleg namn

Slekt

Pionslekta

Paeonia

Familie

Pionfamilien

Paeoniaceae

Orden

Sildreordenen

Saxifragales

Klasse

Tofrøblada planter

Dicotyledoneae

Rekke

Dekkfrøa planter

Angiospermae

Rike

Planteriket

Plantae

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg