Pion
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Peon- eller pionslekta er den einaste slekta i pionfamilien. Ho består av 35 artar buskar og fleirårige urter. Artane i slekta finnes på den nordlege halvkula, og fleire av dei har lang tradisjon som pryd- og medisinplanter.

Faktaboks

Uttale
piˈon
Også kjend som
Pion
Beskriven av
Carl von Linné

Skildring

Paeonia ostii
Paeonia ostii
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Artane i pionslekta er buskar eller fleirårige urter med delte blad og med store, oftast raude blomar. Blomen har fem til åtte store kronblad. Fruktene som vert danna er belgkapsler som inneheld store frø.

Dyrking og bruk

Fleire artar vert dyrka som stauder, og desse har gjerne fylte blomar. Bondepion, P. officinalis, er meterhøg, og er ein svært gamal hageplante i Noreg. Andre artar som vert dyrka er silkepion, P. lactiflora, med raudfarga blad og kvite eller lyseraude blomar, og trådpion, P. tenuifolia, med blad som er delt i trådsmale flikar. Trepion, P. suffruticosa, er ein liten busk med store, praktfulle blomar. Hagepion, P. x cultorum er ein hybrid med mange storblømande sortar, og finnes med både enkle og fylte blomar med kronblad i ulike fargar.

Utbreiing

Paeonia daurica ssp. mlokosewitschii
Paeonia daurica ssp. mlokosewitschii
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Paeonia tenuifolia
Paeonia tenuifolia
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Artane i pionslekta finst naturleg i fem atskilte område på den nordlege halvkula: i Aust-Asia, Sentral-Asia, vest i Himalayafjellkjeda, i Middelhavsområdet og i vestlege delar av Nord-Amerika.

Systematikk

Systematikken innan pionslekta har vore vanskeleg å finne ut av, mellom anna grunna artar som har oppstått ved hybrid artsdanning kombinert med polyploidisering. Basert på molekylære analysemetodar vert slekta no delt inn i tre seksjonar: Paeonia, Moutan og Oneapia.

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Slekt Pionslekta Paeonia
Familie Pionfamilien Paeoniaceae
Orden Sildreordenen Saxifragales
Klasse Tofrøblada planter Dicotyledoneae
Rekke Dekkfrøa planter Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

peon
Paeonia
GBIF-ID
3083483

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg