Perfektiv er i grammatikken namnet på ei verbform som presenterer ei handling som ein fullført heilskap, i fortid, notid eller framtid. Perfektiv høyrer til den grammatiske kategorien aspekt og står i motsetnad til imperfektiv.

Faktaboks

Uttale
pˈerfektiv

Norsk har ikkje perfektiv, men språk som har perfektive verbformer, brukar dei ved las i den første setninga nedanfor, men ikkje i den andre, der dei ville bruke ei imperfektiv verbform:

  • I går las eg ein roman. Mens eg las han, banka det på døra.

Dersom desse setningane blir omsette til engelsk og fransk, kjem skilnaden fram:

  • Yesterday I read a novel. As I was reading it, there was a knock on the door.
  • Hier, j'ai lu un roman. Pendant que je le lisais, on a frappé à la porte.

Det står meir om perfektiv og imperfektiv i mellom anna engelsk og fransk nedanfor.

Perfektiv i motsetnad til punktuell

Som eksempla viser, kan ei og same hending sjåast på som både perfektiv og imperfektiv. Det handlar om forskjellige perspektiv. Perfektiv og imperfektiv er som nemnt aspekt, som ikkje må forvekslast med aksjonsartane punktuell og durativ, som uttrykkjer objektive skilnader mellom hendingar. Til dømes uttrykkjer verb som sprekke, slå, vakne og fange punktuelle (kortvarige, momentane) hendingar, medan verb som syngje, spele, lese og rotne uttrykkjer durative (langvarige) hendingar — men i språk som skil mellom perfektiv og imperfektiv, kan verb med tydingar som svarer til dei nemnde norske verba, ha begge aspekta.

Perfektiv i latin, fransk og spansk

Ofte finst perfektive verbformer i forteljingar der fleire fullførte handlingar skjer etter kvarandre, som i dette sitatet frå Julius Caesar, der alle tre verbformene står i perfektiv preteritum. Tydinga er 'Eg kom, eg såg, eg sigra':

  • Latin: Vēnī, vīdī, vīcī.
  • Fransk: Je suis venu, j'ai vu, j'ai vaincu.
  • Spansk: Vine, vi, vencí.

Det motsette av perfektiv er imperfektiv, som viser til handlingar sette på som uavslutta. Perfektiv og imperfektiv høyrer heime i den grammatiske kategorien aspekt, som er vanleg i språk over heile verda. Imperfektiv finst i to hovudvariantar, habituell og progressiv.

Jamføring med imperfektiv

I dette sitatet frå 1. Mosebok 1,4 finst to perfektive og éi imperfektiv verbform, alle i preteritum. Tydinga er 'Gud såg at lyset var godt, og Gud skilde lyset frå mørkret'. Verba som svarer til norsk såg og skilde er perfektive (pfv), verbet som svaret til norsk var, er imperfektivt (ipfv):

  • Latin: Et viditpfv Deus lucem quod essetipfv bona: et divisitpfv lucem a tenebris.
  • Fransk: Dieu vitpfv que la lumière étaitipfv bonne; et Dieu séparapfv la lumière d'avec les ténèbres.
  • Spansk: Dios viopfv que la luz eraipfv hermosa, y la separópfv de la oscuridad.

Såg og skilde beskriv to fullførte handlingar som skjer etter kvarandre, men var beskriv noko uavslutta.

Perfektiv om framgrunnen

Perfektiv plasserer handlingar i framgrunnen, medan imperfektiv plasserer handlingar i bakgrunnen. Dette kan samanliknast med ei teaterscene, der skodespelarane utfører den eine handlinga etter den andre i framgrunnen, handlingar som kan beskrivast med perfektive verbformer. I bakgrunnen har vi den meir stabile og uforanderlege scena, som kan beskrivast med imperfektive verbformer.

Perfektiv utan tempus

I språka som er beskrivne ovanfor, er aspekt kombinert med tempus. Både latin, fransk og spansk har eit skilje mellom perfektiv og imperfektiv i preteritum, medan det ikkje finst eit tilsvarande skilje i presens og futurum. Mange språk utanfor Europa har eit gjennomført skilje mellom perfektiv og imperfektiv (ofte med eit skilje mellom habituell og progressiv), men manglar tempus som grammatisk kategori ved verbet. Nedanfor følgjer beskrivingar av forholda i fulfulde.

Perfektiv i fulfulde

I det vestafrikanske språket fulfulde finst det éi perfektiv form og to imperfektive — ei habituell og ei progressiv — som illustrert med former av verbet yettugo 'takke':

  • Perfektiv: yettii
  • Imperfektiv
    • Habituell: yettan
    • Progressiv: ɗon yetta

Desse versformene uttrykkjer ikkje tempus, og kan med andre ord brukast om situasjonar i både fortid, notid og framtid. Perfektiv (pfv) blir brukt om situasjonar i notid på to måtar, (1) ved rapportering av noko som skjer i taleaugeblinken (til dømes som når ein beskriv det ein sjølv gjer eller når ein rapporterer det andre gjer, som ein sportsreporter i radioen) eller i performative utsegner — i utsegner i første person der sjølve ytringa av utsegna fullbyrdar handlinga som verbet i utsegna viser til:

  • Mi yettiipfv 'Eg (mi) takkar (yettii)'

Hadde ein i staden brukt progressiv — mi ɗon yetta 'eg driv og takkar' — hadde det ikkje vore ei performativ utsegn, men i staden ei beskriving av det ein held på med.

Aspekt i engelsk

Engelsk har ikkje eit allment skilje mellom perfektiv og imperfektiv slik som i latin, fransk og spansk. I staden finst det ei progressiv og ei ikkje-progressiv form, og den siste er perfektiv eller habituell:

  • progressiv: was working, is working, will be working osb.
  • perfektiv / habituell: worked, works, will work osb.

Som nemnt ovanfor, er habituell og progressiv to typar imperfektivs slik at dei ikkje-progressive formene har både ei perfektiv og ei imperfektiv tyding.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg