paveval

Kvit røyk frå Det sixtinske kapellet 19. april 2005, då Joseph Alois Ratzinger vart vald til pave (Benedikt 16)
Av /NTB.
Røystinga om kven som skal bli ny pave skal skje to gongar om dagen, til ein av kandidatane har oppnådd to tredels fleirtal. Etter kvar røysteomgang vert røystesetlane brende saman med fuktig halm. Dette gir svart røyk. Når ein har kome fram til ein pave, nyttar ein tørr halm, som gjer at røyken vert kvit.
Omnen i Det sixtinske kapellet der røystesetlane blir brende
Av /NTB.

Artikkelstart

Paveval er prosessen der kardinalane vel ny pave. Dette skjer når paven døyr eller går av på eige initiativ. Det normale er at paven vert vald på livstid. Då pave Benedikt 16. i 2013 overraskande gav melding om at han ville abdisere, var det første gongen sidan 1294.

Det finst detaljerte føresegner i kyrkjelova for korleis den romersk-katolske kyrkja skal velje ny pave. Sidan 1059 har kardinalane (dei øvste embetsmennene i den katolske kyrkja nest etter paven) hatt oppgåva å velje pave, rett nok med tilslutnad frå presteskapet og folket i Roma. I 1179 vart det endra til at kardinalane åleine skulle stå for valet, slik det har vore sidan. For at valet skulle vere gyldig, vart det kravd to tredels fleirtal. I det vesentlege gjeld denne valordninga framleis. Røystinga går i dag føre seg som hemmeleg, skriftleg val. Sidan 1975 har røysteretten vore reservert for kardinalar under 80 år. Kardinalkollegiet omfattar (februar 2013) til saman 207 kardinalar, av desse har 117 røysterett.

Skikken med å lukke kardinalane inne i eit såkalla konklave (latin: cum clavi, «med nøkkel») som dei først slepp ut frå når dei har vorte samde om kven som skal verte ny pave, går tilbake til 1274. Konklave vert i våre dagar gjerne nytta synonymt med paveval. Røystinga skal skje to gongar om dagen, til ein av kandidatane har oppnådd to tredels fleirtal. Etter kvar røysteomgang vert røystesetlane brende saman med fuktig halm. Dette gir svart røyk. Når ein har kome fram til ein pave, nyttar ein tørr halm, som gjer at røyken vert kvit.

Pavevalet skjer alltid i Roma, sjølve røystinga i Det sixtinske kapellet. I prinsippet kan alle ugifte mannlege rettruande katolikkar over 25 år veljast til pave, men sidan 1389 har berre kardinalar vorte valde til det høgste embetet i den romersk-katolske kyrkja.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg