Partikkel er i tradisjonell grammatikk eit samnamn på ubøyelege «småord» av ulike ordklassar, mellom anna adverb, preposisjonar, konjunksjonar, subjunksjonar og interjeksjonar.

Faktaboks

Uttale
partˈikkel
Etymologi
av latin ‘liten del’

Nokre eksempel er kursiverte i denne setninga: «Uff, du og eg visste jo godt at Per likar å sitje den stolen!» Partiklane er her

  • uff — interjeksjon
  • og — konjunksjon
  • jo — adverb
  • at — subjunksjon
  • å — subjunksjon
  • — preposisjon

Pragmatiske partiklar

I moderne grammatikk er det noko mindre vanleg å bruke termen partikkel som eit slik samnamn på dei ubøyelege ordklassane. I norsk grammatikk er det mest brukt om mindre grupper av ubøyelege småord som dei pragmatiske partiklane, ein type adverb som ikkje endrar påstandsinnhaldet i ytringa, som sånn, liksom, berre og altså. Ordet jo i setninga ovanfor er ein pragmatisk partikkel med tydinga 'som kjent'.

Partiklar i andre språk

I mange språk blir ordet partikkel brukt om ulike småord som ikkje passar inn i andre ordklassar.

Partiklar i nordsamisk

I nordsamisk skil ein mellom enklitiske partiklar, småord som «heng på» etter eit anna ord, og partiklar som er sjølvstendige ord. Mange nordsamiske partiklar har funksjoner som liknar på norske pragmatiske partiklar.

Ein vanleg nordsamisk partikkel er go, som står etter det første setningsleddet i spørjesetningar utan spørjeord, det setningsleddet som har fokus, det vil seie som ein legg vekt på:

  1. Áhčči boahtá ihttin. 'Far (áhčči) kjem (boahtá) i morgon (ihttin).
  2. Boahtá go áhčči ihttin? 'Kjem far i morgon?'
  3. Áhčči go boahtá ihttin? 'Er det far som kjem i morgon?'
  4. Ihttin go áhčči boahtá? 'Er det i morgon far kjem?'

Det meste brukte ordet i nordsamisk er den pragmatiske partikkelen gal, som uttrykkjer at noko er klart eller sjølvsagt. Gal kan stå på ulike stader i setninga, eller til og med fleire stader i same setninga:

  • Mun dovddan su. 'Eg (mun) kjenner (dovddan) han (su).'
  • Gal mun dovddan su. 'Eg kjenner da han.'
  • Gal mun dovddan gal su. 'Eg kjenner da han.'

Partiklar i kinesisk

I mandarin finst det fleire småord som det er vanleg å omtale som partiklar, og som ikkje utan vidare passar inn i andre ordklasser. Eit eksempel er underordningspartikkelen de (的), som står mellom eit underledd (adledd) og eit overledd (hovud) i ein nomenfrase. Alle underledd står føre overleddet, som i dette eksempelet, der (我) tyder 'eg' og shū (书) tyder 'bok':

  • Wǒ de shū. 我的书。'Boka mi.'

Partikkelen de (的) kan òg stå mellom ei relativsetning og eit overledd, som i dette eksempelet, der relativsetninga wǒ ài (我爱) tyder 'eg elskar' og overleddet nǚrén (女人) tyder 'kvinne':

  • Wǒ ài de nǚrén. 我爱的女人。'Kvinna som eg elskar.'

Mandarin dannar spørjesetningar utan spørjeord med den setningsfinale partikkelen ma (吗):

  • Wǒ ài nǐ. 我爱你。'Eg () elskar (ài) deg ().'
  • Nǐ ài wǒ ma? 你爱我吗?'Elskar du meg?'

Legg merke til at kinesiske ord er ubøygde, slik at (我) nokre gonger må setjast om med 'eg', andre gonger med 'meg' og atter andre gonger med 'min/mi/mitt/mine'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg