Paronym er eit ord som høyrer heime i same ordfamilie som eit anna ord, fordi dei har same rota.

Faktaboks

Etymologi
av gresk parṓnumos (παρώνυμος) 'danna ved ei lita endring'

Her er nokre eksempel, med røtene kjenn-, lær- og ber-:

kjenn- lær- ber-
kjenn-e (verb) lær-e (verb) ber-e (verb)
kjenn-skap lær-dom
kjenn-ing (hokjønn) lær-ing ber-ing
kjenn-ing (hankjønn)
kjenn-ar lær-ar ber-ar
lær-ling
kjen-d lær-d
kjenn-eleg ber-bar
lær-e (hokjønn) bår-e
bør / byr-d
kjenn-ast lær-ast ber-ast

Ein annan bruksmåte

Ordet paronym blir òg nytta om ord som ofte blir blanda saman fordi dei liknar kvarandre i skrivemåte og/eller uttale, men som har forskjellige tydingar. Her er nokre eksempel:

  • kompliment 'rosande omtale, godord' ≠ komplement 'tillegg, utfylling'
  • astronomi 'vitskapen om verdsrommet og himmellekamane' ≠ astrologi 'kunsten å spå om framtida og menneskelagnaden ut frå stjernestillinga; stjernetyding'
  • antropologi 'studium av mennesket både kulturelt, sosialt og som art' ≠ antroposofi 'teosofisk retning, lære kjenneteikna av ei tru på å nå ei gradvis djupare innsikt i både metafysikk og vitskap gjennom åndeleg trening (grunnlagt av Rudolf Steiner)'
  • eremitt 'person som lever aleine og har trekt seg vekk frå andre menneske; einebuar' ≠ emeritus 'person (særleg professor og biskop) som har gått av med pensjon'
  • metrologi 'lære om mål og vekt' ≠ meteorologi ' lære om atmosfæren, vêr og klima; vêrvarsling'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg