Parallellimport er import via mellomledd som er utanom ordinære forhandlarar, og som (vanlegvis) ikkje er i regi av eller godkjent av produsent.

Faktaboks

Uttale
parallˈellimport

Produsentar av internasjonale merkevarer ønskjer ofte at varene deira skal distribuerast anten av eigne dotterselskap i ulike land, eller av sjølvstendige importørar med einerett til distribusjon i det aktuelle landet. Bakgrunnen er gjerne ønsket om kontroll med eiga vare og moglegheiter til å kunne oppnå høgare pris i land der inntektsnivå og marknadsforhold gir grunnlag for det.

Eit døme er legemiddel der parallellimport er sett i system i fleire land. Som følgje av EØS-avtalen kan sjukehus, grossistar eller importørar kjøpe legemiddel frå importørar eller lisensprodusentar i andre EØS-land, dersom dette er billigare enn å kjøpe dei same medisinane hos representantane til legemiddelprodusentane i Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg