Paradigme er innanfor grammatikk det same som eit bøyingsmønster, det vil seie ei liste over alle bøyingsformene til eit ord (eit leksem), ordna systematisk etter grammatisk innhald.
Her er fire norske eksempel, paradigma til substantiva hest og hus og verba bygge og synge:
grammatisk informasjon | HEST | HUS |
---|---|---|
eintal (singularis), ubunden (ubestemt) | hest | hus |
eintal (singularis), bunden (bestemt) | hesten | huset |
fleirtal (pluralis), ubunden (ubestemt) | hestar | hus |
fleirtal (pluralis), bunden (bestemt) | hestane | husa |
grammatisk informasjon | BYGGE | SYNGE |
imperativ | bygg | synge |
indikativ, presens | bygger | syng |
indikativ, preteritum | bygde | song |
perfektum partisipp | bygd | sunge |
infinitiv | bygge | syng |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.