paleografi

Artikkelstart

Paleografi er vitskapen om gamle skriftartar og deira historiske utvikling, om skrivereiskaper, skrivemateriale og liknande. Paleografien blir delt inn etter opphavet til skriftteikna, for eksempel i orientalsk paleografi (gamalegyptisk, koptisk, arabisk, indisk), gresk paleografi, latinsk paleografi og så vidare.

Faktaboks

Uttale
paleografˈi
Etymologi
av paleo- og -grafi

Som vitskapsgrein har paleografien utvikla seg frå diplomatikken. Medan epigrafikk tek for seg innskrifter som er hogde eller rissa inn på hardt materiale, tek paleografien for seg skrift på papyrus, pergament, papir og liknande, og dessutan skrift på potteskår (ostraka, særleg brukt i Egypt og Hellas), tynne metallplater (ofte magiske tekstar), og private, meir eller mindre tilfeldige inskripsjonar på husvegger og liknande (såkalla graffiti, for eksempel i Pompeii).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg