P.m. er ei forkorting for latin post meridiem (etter middag). Forkortinga er vanleg i mellom anna engelsk for å oppgi klokkeslett. 8 a.m. betyr klokka 8 på morgonen, mens 8 p.m. betyr klokka 20.

Faktaboks

P.m. kan også brukast som forkorting for latin pro mille, for (av) tusen; pro mense, om, for månaden; pontifex maximus, øvste prest; propria manu, med eiga hand; post mortem, etter døden. Også engelsk forkorting for prime minister, statsminister.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg