Oljesøl observert med SAR frå Envisat
Overvaking av oljesøl med satellitt. Dette utsleppet vart observert utanfor kysten av Spania i november 2002, med SAR-instrumentet ombord i Envisat.

Overvåkingssatellitt er ein satellitt som vert brukt til å løyse oppdrag for myndigheitene, anten sivile eller militære. Døme på bruk kan vere overvaking av fiskeri og fiskerigrenser, skipstrafikk, forureining og identifikasjon av skip som har slept ut oljesøl med meire. Noreg har til dømes eigne satellittar som overvakar skipstrafikk gjennom å skaffe AIS-data for Kystverket (sjå NorSat og AISSat). Andre satellittar kan nytte jordovervakingsinstrument som radar eller kamerasystem.

For militære føremål kan satellittar brukast til å halde auge med andre land sin militære infrastruktur, slik som fly- og rakettbasar eller flytting av styrkar i konfliktsituasjonar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg