Danning av organisk syre.
Danning av organisk syre.
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY ND 4.0
Namngiving av organiske syrer.
Namngiving av organiske syrer.
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY ND 4.0
Metan- og etansyre.
Metan- og etansyre.
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY ND 4.0

Organisk syre er ei syre som blir danna av alkohol som reagerer med eit oksygenatom.

Ei organisk syre er eit hydrokarbon der eitt av karbonatoma er bunde til eit oksygen med ei dobbelbinding og ei –OH-gruppe med ei enkeltbinding. Ei –OH-gruppe er eit oksygenatom som er bunde til eit hydrogenatom, og i den andre enden er oksygenet bunde til eit oksygenatom. Denne gruppa sit på eit karbonatom i enden av karbonskjelettet og blir kalla karboksylgruppe (–COOH). Namnet på dei organiske syrene finn ein på same måten som med alkoholar og hydrokarbon, berre at dei endar på ‑syre.

Den enklaste organiske syra er metansyre (maursyre), som består av eit karbonatom som har bunde til seg eit oksygenatom med ei dobbelbinding, ei –OH-gruppe med enkeltbinding og eit einsleg hydrogenatom. Når det kjem ein inntrengjar til maurtua, kan mauren sprøyte ut maursyre. Kjemisk framstilt maursyre blir nytta i silofôr som konserveringsmiddel, der syra hindrar graset i å rotne. Maursyre har blank farge og ser ut som vatn, men har ei skarp lukt. Ein gjer syra tynnare ved å blande henne ut med vatn.

Fleire av dei organiske syrene har namn som fortel noko om kvar vi kan finne dei, til dømes eddiksyre, eplesyre, sitronsyre, mjølkesyre og smørsyre. Desse namna kallar vi trivialnamn, medan det i kjemien blir brukt kjemiske namn på syrene. Eddiksyre (etansyre) består av to karbonatom, der det eine er ei karboksylgruppe. Det andre karbonet har tre einslege hydrogenatom bundne til seg. Etansyre er ei svak syre og blir brukt i mat, då gjerne i ei løysing på mellom 5 og 7 %. Ein kan få etansyre i ei løysning på 35 %, eddikessens. Slik eddikessens er svært etsande og giftig. Eddiksyre kan bli danna ved ein reaksjon mellom metanol og karbonmonoksid.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg