Skiveslåmaskin, fotografert i 2007
Slåttonna var ei av de viktigaste og mest arbeidskrevjande onnene. Frå dei eldste tider og langt inn i andre halvpart av 1800-talet vart graset slått med ljå. Etter andre verdskrigen førte ei aukande mengd traktorar til store endringar når det gjaldt den menneskelege arbeidsinnsatsen i slåttonna. Ein traktor med slåmaskin kunne gjera mange hestars jobb.
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Tresking
Etter at kornet var skore, bunde og tørka på sneis på jordet, og loa var innkøyrd, stod treskinga for tur. Tresking i Stange, ca. 1910. Treskjeverket blir drive av ein damplokomobil.
Av /Anno Domkirkeodden.
Lisens: CC PDM
Møkkøyring med hest og slede på Røros 1964
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Ein gammal grindard frå Jemtland
Ein gammal grindard frå Jemtland
Rissværingen Einar Sjøli skjer korn med skyru. Han legg stråa inn mot venstre legg.
Rissværingen Einar Sjøli skjer korn med skyru. Han legg stråa inn mot venstre legg.
Skurdonn i Malvik i 1936. Mannen til venstre legg av ei passe mengd strå til eit kornband med jamne mellomrom.
Skurdonn i Malvik i 1936. Mannen til venstre legg av ei passe mengd strå til eit kornband med jamne mellomrom.
Av .

Onn er eit årleg, omfattande arbeid i jordbruket. Onnene gjentek seg på omtrent same tid kvart år. Viktige onner har vår- eller haust- som førsteledd, andre onner blir spesifiserte nærare etter kva type arbeid som blir utført. Det kan vera plogonn, spaonn, slåttonn, høyonn, torvonn, markonn, lauvonn, skurdonn eller potetonn.

Faktaboks

Uttale

ånn

Etymologi
norrønt ǫnn ‘iver, anstrenging’, i fleirtal annir ‘markarbeidstidene’

Våronn

Harving med fjørharv i Gausdal ca. 1960
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Radsåmaskinen «Haakon»
Radsåmaskinen «Haakon»
Av .

Våronna var frå gammalt av først og fremst knytt til åkerbruket og bestod av fleire arbeidsoppgåver: gjødselspreiing, pløying eller spaing, såing og setjing av potet.

Gjødselspreiing

Den byrja allereie om vinteren, då gjødsla vart køyrd ut på slede og lagd i store dungar på åkeren. For å påskunde bar mark vart det mange stader kasta sand, jord, oske, sot eller liknande på snøen. Somme stader med vanskeleg terreng vart gjødsla frakta med kløv.Sørlandet og Vestlandet var det ikkje uvanleg at ein bar gjødsla i kiper på ryggen. Dei som ikkje hadde hest, kunne også nytte seg av trillebår eller berebår.

Pløying eller spaing

Gjødsla vart handtert med ei gjødselgreip av tre, som etter kvart fekk jernbeslåtte tindar. Det var to hovudtypar av denne reiskapen. Den eldste typen, som mellom anna er kjend frå Osebergskipet, var laga av eitt trestykke med to tindar. Denne typen vart kalla mykestyng på Sør- og Vestlandet, sulroko i Trøndelag. Sørfrå kom det så ein ny type med tre tindar som var sett saman av fleire delar. Dei tilsvarande nemningane her var møkgreip og greiproko.

Sjølv om åkerarealet var temmeleg avgrensa, var plogonna arbeidskrevjande. Dei gamle grindplogane eller grindardane endra seg ikkje nemneverdig frå vikingtid til midten av 1800-talet. Stort sett var det berre plogjernet og ristelen som var av jern, og dei hadde ikkje ei effektiv veltefjøl. Viss ein pløgde langsetter bakkete terreng, velta fòra nedover. Ein måtte difor med jamne mellomrom køyre jord frå den nedste åkerreina opp bakken og leggje han på toppen av åkeren. Skilnaden på plog og ard er at plogen skjer laus fòrer som blir velta til sida, medan arden manglar veltefjøl og rotar jorda til begge sider. Arden vart køyrd på kryss og tvers i åkeren. Etter pløyinga eller ardinga følgde harvinga, som i den eldste tida gjekk føre seg med ei stokkharv, ei treramme med tindar av hard ved. Det vart også brukt leddharver.

På Sør- og Vestlandet heldt folk lenge på den gamle skikken med å spa åkeren. Omkring 1800 vart det opplyst at det berre var tre plogar på Jæren, endå det vart produsert så mykje korn at noko kunne seljast. Ein kan snakke om eit intensivt åkerbruk med stor arbeidsinnsats. Med utgangspunkt i den reiskapen som vart brukt i ulike delar av landet, kunne ein tala om plogonn eller spaonn.

Såing og setjing av potet

Når åkeren var gjødsla og klargjord, var det tid for såing, som vart vurdert som ei høgtideleg handling. Såmannen hadde korna i ein sålaup eller ei bøtte og sådde for hand. Nokre stader, særleg i Nordland, var det også kvinner som hadde dette oppdraget. I dei verste uåra tidleg på 1800-talet byrja ein somme stader å dible, det ville seia at ein stakk hol i åkeren og planta eitt og eitt korn. På slutten av 1700-talet vart den såkalla «lomske» såmaskina, trekt av hest, utvikla. Slike maskiner vart likevel ikkje tekne i bruk på landsbasis. Omkring 1900 vann fabrikkproduserte radsåmaskiner fram. Dei sådde både passe djupt og jamt.

Etter at kornet var sådd og arda eller harva ned, vart åkeren jamna med ein åkerrull, som dei fleste stader vart trekt av ein hest. Husmennene måtte ofte vera hest sjølv.

Utover 1800-talet vart poteta ei stadig viktigare næringskjelde. Om våren vart ho teken opp frå kjellaren og plassert i kasser for å gro. Til poteta måtte det lagast render med grev eller ard. Potetene vart sette for hand i passande avstand og dekte til med jord.

Modernisering av våronna

I andre halvpart av 1800-talet vart det teke i bruk betre pløye- og harvereiskapar. Den tunge engelskplogen med smidd veltefjøl av jern var meir effektiv enn den gamle grindplogen. Harvene fekk tindar av jern. Mot slutten av 1800-talet kom så fabrikkproduserte plogar og harver. Dei nye stålgreipene var mykje lettare å arbeide med enn dei gamle tregreipene. Etter kvart vart også gjødselsleda bytt ut med bikkvogner, som gjorde det enklare å kvitte seg med gjødsla på åkeren.

Dei første traktorane kom til landet først på 1900-talet, men det var først i andre halvpart av 1900-talet at traktoren erstatta hesten for alvor. Utviklinga har gått i retning av stadig større traktorar som trekkjer vendeplogar med mange skjer. Også harvene har vorte større. I det moderne jordbruket har gjødselbehandlinga endra karakter. Gjødsla blir no pumpa opp i gjødselspreiarar som ein kan trekkje med traktor og spreie gjødsla effektiv ut over åker og eng med.

Slåttonn eller høyonn

Mathias Bogstisveen slår med ljå på Gammelskolla i Ringsaker i mellomkrigstida
Hesjing i Hardanger i 1892. Dei lange raiene er bundne til staurane med vidjer.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Slåttonna var ei av dei viktigaste og mest arbeidskrevjande onnene. Frå dei eldste tider og langt inn i andre halvpart av 1800-talet vart graset slått med ljå. Slåtten byrja på heimebøen nær garden, men heldt fram utanfor gjerda i bakkar og lier og på myrar og fjell. Av ljåar var det to hovudtypar, det var ljåar med kort eller lang orv. Stuttorv vart helst brukt på Vestlandet, der terrenget gjorde det vanskeleg å koma til mellom steinar og andre hindringar. Ljåane måtte vera kvasse. Det kunne dei bli ved sliping eller tynsling. Den siste metoden innebar at eggen vart banka kvass med ein hammar. På større gardar gjekk mennene etter kvarandre i skårgang. Mennene hadde ein brynestokk med bryne i beltet, slik at ljåen kunne brynast når han vart sløv.

Kvinnene kom så med rivene sine og vende og spreidde graset ut på vollen, slik at det skulle tørke lettare. Sidan raka dei høyet saman i såter. Det tørre høyet vart køyrt med hest og slede inn i uthus heime på gardar eller løer i utmarka. Nokre stader vart også høyet stakka og køyrt heim med slede om vinteren. Dei som ikkje hadde hest, trilla eller bar høyet i hus. Til transport vart det brukt høyslede langt ut på 1800-talet. Etter kvart vart sleden bytt ut med høgvogner med grinder. Det var barnearbeid å trampe lassa.

Slåttonna vart kraftig endra då det byrja å koma slåmaskiner i andre halvpart av 1800-talet. Dei fleste vart importerte frå USA. Slåmaskinene hadde knivstenger som gjekk fram og tilbake og kunne slå langt større areal på ein dag enn ein kunne med ljå. Etter kvart kom det høyriver med lange tindar for å samle saman graset. Å tørke graset på vollen tok slutt, det vart i staden hengt opp på hesjer. Til å byrja med vart det brukt staurar og lange raier av tre, det vart eit stort framsteg då ein fekk galvanisert ståltråd. Hesjinga gjekk etter kvart lettare med amerikanske høygaflar, som ikkje var så tunge som produkta til bygdesmedane.

Etter andre verdskrigen førte eit aukande tal traktorar til store endringar når det gjaldt den menneskelege arbeidsinnsatsen i slåttonna. Ein traktor med slåmaskin kunne gjera mange hestars jobb. Traktoren vart også utstyrt med svansar til å køyre saman det nyslåtte graset og til å køyre det det tørre høyet i hus. Hesjinga minka etter kvart, idet mange fekk bygd siloar, der graset vart blanda med maursyre for å bli næringsrikt fôr. Sidan har ein fått skiveslåmaskiner som kan slå store areal på kort tid. Ved hjelp av ein grassamlar blir så graset samla i strenger for å tørkast noko før ei ballpresse lagar rundballar som blir pakka inn i plast.

Torvonn

Torvstikking på Andersbymyrene ved Vadsø under siste krig

I område utan skog vart det mange stader skore torv til brensel. Dei enkelte torvbitane vart først skorne ut av den loddrette «benken» med spesielle spadar. Deretter vart dei lagde utover marka til tørking og deretter rauka. Nokre stader vart torva tørka på hesjar. Den tørre torva vart stakka eller trilla inn i eit torvhus.

Torv vart ikkje berre brukt til brensel, noko vart også brukt til strø i fjøset. Torv blanda med husdyrgjødsel vart ei god gjødsel til åkeren.

Lauvonn

Frå dei eldste tider har lauv vore ein viktig del av vinterfôret. Lauvonna fann stort sett stad mellom slåttonna og skurdonna. Arbeidet bestod i at det vart hogge kvister av tre med lauvkniven (snidelen), ein eldgammal reiskap som er omtalt i dei gamle landskapslovene. Kvistene vart bundne saman til kjerv. Mange stader hadde ein faste tre som vart styvde år etter år, og som etter kvart fekk ein karakteristisk utsjånad med korte, tjukke stammar og tynne skot. Det vart også samla lauv i utmarka, gjerne i samband med vedhogst. Lauv kunne også rispast av trea eller rakast saman på marka etter lauvfall.

Skurdonn

I steinalderen vart kornet skore med sigd av flint. I bronsealderen fekk ein sigdar av bronse, men mange måtte nok framleis nøye seg med flintsigden. I gravfunn frå jernalderen er det funne ein god del sigdar. Dei er mindre enn sigdar frå moderne tid, men forma er ganske lik. I nyare tid vart det brukt to litt ulike reiskapar til å skjera kornet med, nemleg sigd og skyru. Bladet på sigden var rettare enn det var på skyrua. Ein annan skilnad var at bladet på sigden var klinka fast til skaftet, medan skyrua hadde ein tange som gjekk inn i skaftet. I seinare tid vart skyrua brukt i store delar av Trøndelag og Austlandet, medan sigden heldt stand på Vestlandet, delar av Sørlandet og i Nordland. Å slå kornet med ljå var nok ikkje så vanleg. For å samle kornet betre vart det då sett eit segl på ljåen.

Slåmaskina var ein reiskap som også vart teken i bruk i skurden. Ein person sat då på eit sete over hjulet med den eine foten på ein pedal som kunne løfte samlebordet (ei grind av trespiler). Ved hjelp av ei avleggjarrive kunne han med jamne mellomrom leggje igjen ei mengd kornstrå som svarte til eit kornband. Bak maskina gjekk det folk som batt saman kornstråa til nek med ein bendel av strå. Neka vart så rauka og deretter sette på staur til tørk. Hesjer kunne også bli brukt. Tørt korn vart køyrt inn på låven for å bli treskt med sliul i løpet av vinteren.

I mellomkrigstida fekk ein på enkelte større gardar ein sjølvbindar. Det var relativt store maskiner som gjerne vart trekte av tre hestar eller traktor. Kornet vart skore og ført fram over ein duk til ein mekanisme som batt ei passande mengd saman med eit snøre til eit nek, som vart kasta ut på sida.

I andre halvpart av 1900-talet kom ein revolusjon innan innhaustinga av kornet, då skurdtreskjarar vart innførte til landet i eit stadig større mengder. Dei første vart trekte av ein traktor, men dei vart etter kvart avløyste av dei sjølvgåande treskjarane. Skurdtreskjarane både skjer, treskjar og reinsar kornet, som blir samla opp i store behaldarar og pumpa over i vogner. Moderne skurdtreskjarar har gjerne datateknologi, og somme er utstyrte med satellittnavigering.

Potetonn

Potetopptaking på Strinda ved Trondheim i 1939. Potetopptakaren er ein stavhaspel.
Potetopptaking på Strinda ved Trondheim i 1939. Potetopptakaren er ein stavhaspel.
Av .

Om hausten var det viktig å få potetene i hus før frosten kom. Tradisjonelt vart potetene gravne fram med grev eller greip. Før ein fekk potetopptakarar, var det også nokon som pløgde opp potetene. Potetopptakaren kasta potetene ut på åkeren, slik at det vart lett å samle dei i bøtter eller korger. Dei første opptakarane vart trekte av hestar. Moderne potetopptakarar gjer det meste av arbeidet sjølv. Potetene blir førte på eit transportband frå jorda til kasser. Framleis kan det vera behov for å plukke bort steinar og så vidare.

Etter andre verdskrigen var det vanleg at skulebarn fekk éi veke fri frå skulen for å vera med på potetplukking. Sjølv om det etter nokre tiår ikkje lenger var ein aktuell syssel, heldt ein fast på den skulefrie veka, som endra namn frå potetferie til haustferie.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Borgedal, Paul (1966). Norges jordbruk i nyere tid, Bøndenes Forlag
  • Dybdahl, Audun (1983). Jord- og kornbehandling i eldre tid. Redskaper brukt i Steinkjer-regionen, Steinkjer Museum
  • Dybdahl, Audun (1985). Fôr, fe og melkestell i eldre tid. Arbeidsmåter og redskaper i Steinkjer-regionen, Steinkjer Museum
  • Gjerdåker, Johannes (1990). Arbeidet i bygdene. Årsrytmen på Voss før landbruket vart mekanisert, Vestanbok Forlag
  • Hellemo, Lars (1957). Frå det gamle arbeidslivet. Ord og nemningar frå arbeidslivet i Suldal, Røldal og Sauda. Skrifter fraa Norsk Maalførearkiv XII
  • Hovdhaugen, Einar (1993). Frå det gamle arbeidslivet. Arbeidsmåtar, reiskapar og nemningar, Ringebu Historielag
  • Visted, Kristoffer og Stigum, Hilmar (1975). Vår gamle bondekultur I, J.W. Cappelen

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg