Kartet viser Umayyadekalifatet da det var på sitt største.
Shutterstock.

Umayyadane var eit arabisk dynasti som styrte det islamske riket frå 661 til 750. Umayyadane var den første slekta som var kalifar i det arabisk-islamske riket. Det styrte den nye staten frå Damaskus i Syria. I denne første tida var arabarane først og fremst erobrarar og hadde særlege fordelar framfor andre muslimar. Det førte til uro ettersom fleire ikkje-arabarar omvende seg til islam og førte til slutt til ein revolusjon som leda til umayyadanes fall.

Faktaboks

Uttale
omayyˈadene
Også kjend som

umayyadene, umajjadene

Bakgrunn

Den første borgarkrigen i islam varte frå 657 til 661 då den leiande slekta i Mekka, Umayya-familien, nekta å godkjenne Ali ibn Abi Talib som kalif. Krigen tok slutt då Ali vart drepen i 661. Guvernøren i Damaskus, Mu’awiya, som var overhovud for Umayya-slekta, utnemnde seg med det til kalif, og hovudstaden i riket vart flytta frå Irak til Damaskus i Syria.

Makta går i arv

Denne perioden la grunnlaget for det arabisk-islamske riket. Erobringane som hadde starta under fire første kalifane, heldt fram, og riket nådde sine yttergrenser ved Atlanterhavet i vest og Indus i aust i dette hundreåret, før grensene vart stabilisert rundt århundreskiftet. Mu’awiya utnemnde sonen Yazid til å ta over kalifvervet etter seg då han døydde i 680. Dette var første gong kalif-rolla gjekk i arv, men seinare vart dette den vanlege forma for maktskifte. Alis son Husayn nytta likevel høvet til å gjere oppreist, men dette vart raskt slått ned av Yazids hær ved Kerbala i Irak, og Husayn, Profetens barnebarn, vart drepen. Dette var eit sjokk som sjiamuslimane seinare minnest kvart år.

Staten tar form

Klippedomen
Klippedomen i Jerusalem reknast som noe av det ypperste innan umayyade-arkitektur.
Av .

Trass i uro og motstand mot dette syriske styret i periodar, var Umayyade-perioden først og fremst ei konsolidering av det nye riket. Det var i denne tida meir ei arabisk enn ei islamsk makt. Arabarane var erobrarane og busette seg mest i garnisoner i utkanten av storbyane, mens folkefleirtalet i stor grad fekk behalde sin opphavlege religion, så lenge dei betalte den skatten dei vart pålagt. Gradvis tok likevel den nye staten form, rundt 700 erstatta arabisk gresk som administrasjonsspråk, og nye myntar vart utferda i kalifens namn. Kalifen Abd al-Malik (685–705) og sonen Walid (705–715) bygde nye prangande gudshus som Klippedomen i Jerusalem, og Umayyade-moskeen i Damaskus.

Religiøs formingstid

Religionen islam var framleis også i forming i umayyadeperioden, Kalifane såg seg som arvtakarar etter profeten Muhammad, med rett til å styre både trua og dei truande. Men i denne tida vaks det også fram ein klasse av personar som vigde seg til trua, dei religiøst lærde (ulama). Dei meinte det var déi som var «Profetens arvingar» i trusspørsmål. Konflikten om kven som skulle tolke trua, kom først fram i hundreåret etter, men kalifane måtte akseptere at dei var Profetens representant (khalifat rasul Allah), ikkje Guds representant (khalifat Allah) på jorda.

Religiøs konflikt og fall

Mens det i starten berre var erobrarane som delte den nye trua islam, slutta fleire og fleire av innbyggarane i områda seg til islam, ikkje berre kristne arabarar i Syria, men også persarar i Irak og Iran. Dette vart ikkje tatt godt imot av dei første muslimane, som hadde økonomiske privileg av å vere del av herskarklassen. Det ville dei ikkje dele, og nye muslimar kunne berre bli «klientar» (mawali) av dei arabiske stammane og måtte framleis betale same skatt som ikkje-truande. Dette førte til aukande uro, ikkje minst i Irak og provinsane i aust. Utover på 700-talet vart problema sterkare, trass i freistnader som frå den «fromme» kalif Umar II (717–720) på å fremme klientanes sak. I 748 tok ein opprørshær av persarar og arabarar kontroll over provinsen Khurasan (dagens Aust-Iran), og i 750 marsjerte dei heilt mot Damaskus og knuste det vaklande umayyade-styret. Nesten heile slekta vart tatt av dage. Tida var kommen for abbaside-styret, som skulle flytte sentrum i riket tilbake til Irak.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg