Objektkonstans, inneber at menneske oppfattar gjenstandar i omgivnadene som stabile sjølv om dei blir observerte under ulike vilkår – frå nær eller fjernt, frå ulike vinklar og under ulike lysforhold – slik at sansepåverknadene varierer.

Faktaboks

Uttale
objˈektkonstans

Farge- eller lyskonstans vil seie at fargen eller lysheita blir oppfatta som den same, sjølv om lyset i rommet varierer.

Storleikskonstans vil seie at eit objekt blir oppfatta som å ha den same storleiken, uavhengig av avstanden til auget til objektet og projeksjonen på netthinna.

Formkonstans vil seie at eit objekt blir oppfatta som det same sjølv om bileta som fell på netthinna, har noko ulik form (projeksjon) når objektet sest frå forsljellige vinklar.

Objektkonstans blir tidleg utvikla og er nødvendig for at barn skal oppfatte verda som stabil og kunne kjenne igjen menneske, objekt og stader.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg