Tromsø by. Tromsø bymål er i grunndrag på linje med tromsmålet elles. Det som mest skil bymålet frå bygdemåla, er at bymålet har tatt opp nokre typiske byformer med utgangspunkt i bokmålet. Det gjeld til dømes ord som som bare mot bærre, bar mot bærr, hjæm(me) mot heime, fræm mot fram, vet mot veit, fikk mot fekk og andre. Bildet viser utsikt over Tromsøya med Tromsøbrua over Tromsøysundet.

Lisens: Avgrensa gjenbruk

Norske bymål er eit samleomgrep for dei særdraga og strukturane me finn i norske dialektar i byane. Studiet av norske bymål femner òg om slektskapen (likskap og ulikskap) mellom bymåla og dialektane ikring byane. Norske dialektar er i endring, og også bymåla er med i denne endringsprosessen.

Forsking på bymål

Dei første dialektgranskarane her i landet, som arbeidde på slutten av 1800-talet, var lite opptekne av bymåla. Grunnen var at dei meinte desse måla representerte «blandingsmål». Dei ville finna fram til den «genuine» dialekten på staden, det vil seie det talemålet som hadde vakse naturleg fram frå norrøn tid til i dag. Då var blandingsmåla ikkje så interessante å studera som bygdemåla.

Så tidleg som frå 1907 og utover har me likevel skildringar av norske bymål, og dette er tidleg i europeisk samanheng. I 1907 skreiv Amund B. Larsen ei bok om bymålet i Kristiania. Larsen og Gerhard Stoltz la også fram ei gransking av bymålet i Bergen i 1912, og i Stavanger i 1925.

Sjølv om me har desse tidlege arbeida om norske bymål, var det først på 1970-talet at det blei fart i bymålsforskinga. Då kom studiet av sosiolingvistikk, altså forholdet mellom språk og samfunn, i fokus. Det var i byane ein lettast fann forskjellar mellom sosiale grupper, og dermed ulikskap i korleis folk bruker språket i ulike sosiale lag.

To slags talemål i byane

Trondheim. For å illustrera kva som ligg i dette med to slags talemål i byane, kan me gå til Trondheim bymål. I bydelane Singsaker og Berg er dei kjende for å snakka ”fintrøndersk”, medan bydelane Lademoen, Bakklandet og Ila blir assosiert med «trønderks folkemål».
.
Lisens: fri

I fleire av byane våre er det vanleg å finna to talemålsvariantar: På den eine sida har me den tradisjonelle (folkelege) bydialekten og på den andre sida det normaliserte bymålet. Desse to talemåla i ein by blir også ofte refererte til som «gatespråket» eller «folkemålet» på den eine sida og «det høgare talemålet» eller «finspråket» i byen på den andre. For å illustrera kva som ligg i dette med to slags talemål i byane, kan me gå til Trondheim bymål. I bydelane Singsaker og Berg er dei kjende for å snakka «fintrøndersk», medan bydelane Lademoen, Bakklandet og Ila blir assosiert med «ekte folkemål». Skodespelar Jakob Margido Esp har med sin rollefigur fru Flettfrid Andrésen frå Øvre Singsaker gjeve oss eit bilde av ei overklassefrue med fintrøndersk språk.

Folkeleg bymål og bygdemål

Det tradisjonelle folkemålet representerer det mest opphavlege talemålet i den aktuelle byen. Denne språkvarianten vil alle stader ha mange felles trekk med bygdemåla rundt byen, men nokre skilnader vil det vera. Eit døme på at det folkelege bymålet og bygdemåla rundt byen kan likevel kan vera svært ulike, finn me i Bergen. Den tradisjonelle Bergens-dialekten har former som solen, visen og kastet (fortid av å kaste), medan bygdemåla rundt byen har formene solæ, viso og kasta.

I andre folkelege bymål kan ein finna skilnader frå bygdemåla ved at bymålet har teke opp ein del einskilde ord og bøyingsformer frå skriftmålet. Eit eksempel på dette er det når forma ikke i dag kjem inn i trønderske og nordnorske bymål ved sida av formene ikkje eller itj. Andre eksempel er at det i folkelege bymål på Austlandet i dag gjerne heiter et bryst og ikkje ei bringe, en skulder og ikkje en aksel, har vært og ikkje har vøri, ei uke og ikkje ei viku (Det siste av orda i kvart par vil høyra heime i distrikta rundt byane).

Det folkelege bymålet kan også ha fått sine eigne nyutviklingar som skil det ut både frå bygdemåla og normalisert talemål. Som døme på dette kan me nemna at byar og tettbygde strok mange stader i landet har diftongen øy i fortid av sterke verb: å bryte – brøyt¸ medan bygdemåla tidt har æu: å bryte – bræut.

Normalisert bymål og skriftspråk

Det normaliserte talemålet (det høgare talemålet) i ein by vil som regel ha mange felles drag med det tilsvarande normaliserte talemål i andre byar. Det er fordi denne språkvarianten ligg nær opp til skriftmålet, som regel bokmål. Sjølv om me finn slike felles trekk i det normaliserte talemålet frå by til by, vil det alltid ha ein del lokale dialektale drag, særleg i tonefallet.

Forenkla språksystem i byane

Bryggen i Bergen
Det tyske hansaforbundet dreiv stor handel med kjøpmennene i Bergen frå 1300-talet og framover. Bryggen i Bergen blei til under hansatida. Kommunikasjonen mellom bergensarane og dei tyske hansakjøpmennene påverka talemålet i byen. Den tradisjonelle Bergens-dialekten har i dag former som solen, visen og kastet (fortid av å kaste), medan bygdemåla rundt byen har formene solæ, viso og kasta.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Eit bysamfunn vil vera prega av flytting og tett kontakt mellom folk som kjem frå fleire stader i landet. Reint generelt vil ein i slike samfunn ofte finna ei utvikling mot ei forenkling i det grammatiske systemet i talemålet. Det er likevel ikkje alltid at det er den største byen i regionen som har det mest forenkla språksystemet. Døme på dette finn me i Midt-Noreg. Talemålet i Kristiansund og Molde har eit enklare bøyingssystem enn bygdene rundt, men også enklare enn det me finn i den større byen Trondheim. Bymålet i Molde har til dømes berre ei felles ending på -an i bunden form fleirtal av substantiv: alle bilan, alle jentan, alle døran og så bortetter. Dette forenkla bøyingsmønsteret kjem nå inn i yngre Trondheims-mål.

Forenklingar i språksystemet kan vere typiske produkt av språklege smeltegryter. Dess meir intens smeltinga er på eit tidspunkt, dess enklare blir legeringa. Det betyr at dess fleire dialektar som møtest, og dess tettare dei nye sosiale banda som er mellom folk på staden, dess enklare blir det talemålet som veks fram.

Folkemålet i byen vinn terreng

Torget i Stavanger. Også i Stavanger har det tradisjonelt vore stor skilnad på folkemålet og det høgare talemålet ("finspråket") i byen. Mykje tyder i dag på at bruken av "finspråket" er i tilbakegang. Denne tendensen var merkbar i ungdomsspråket allereie på 1980-talet.
.
Groruddalen
Oslo. Språket i dei nye forstadene og drabantbyane i hovudstaden er i hovudsak ei modifisert utgåve av det gamle målet på austkanten i Oslo, det såkalla vikamålet. Det nye talemålet som her veks fram, har drag frå tradisjonelle vikamålet, men dette språket er like mykje i slekt med det folkelege bymålet på Austlandet meir generelt. Bildet viser bustadmiljø i Groruddalen i Oslo nord-aust.
Groruddalen
Lisens: CC BY SA 3.0

Det folkelege kvardagsspråket i byane påverkar mange stader dialektane rundt byen. Talemålsvarianten frå byen spreier seg først til nye sosiale lag i sjølve byen og deretter vidare til områda ikring, og også til andre byar.

Ser me på utviklinga i og rundt Oslo, er det ikkje tvil om at vestkantspråket i denne byen kan sjåast på som ein «prestisjedialekt». Dette talemålet, og også skriftmålet bokmål, påverkar nok ordforrådet vårt. Det er likevel påfallande kor lite prestisjefaktoren verkar inn på talemålsutviklinga i Oslo og elles i landet. Det er altså ikkje talemål av typen «Da vi gikk over broen, kastet hun min bok (boken min) i elven» som er på offensiven.

For ungdom vil det vera det folkelege bymålet som dannar mønster for nyutviklingar språket. Denne språkvarianten signaliserer urbanitet og modernitet, medan vestkantspråket blir sett på som «snobbete» og konservativt (altså med negativ klang) og dermed ikkje aktuelt å ta etter.

Språket i dei nye forstadene og drabantbyane i hovudstaden er i hovudsak ei modifisert utgåve av det gamle målet på austkanten i Oslo, det såkalla vikamålet. Men det nye talemålet som veks fram kan også vera ein variant av det folkelege bymålet på Austlandet meir generelt. Arne Torp (1989) har kalla det ekspansive nye talemålet på Austlandet for «udanna østnorsk». Her finn ein fortidsformer som kasta og sykla og verbet bryte blir bøygd slik: å bryte – brøyt – bryti. Frå Danmark er det rapportert om ei liknande utvikling. Det er «gatespråket» i København som spreier seg til ungdomsspråket på resten av Sjælland og vidare til heile Danmark.

Det kan synast litt merkeleg at det er folkemålet i byane som er det ekspansive talemålet og som utvidar råderommet sitt. Ein skulle tru at det heller var det standardspråket me høyrer i radio og TV, og som oftast har grunnlaget sitt i bokmål, som ville vera mønster for talespråket i dagens samfunn. Ein kan slå fast at talemålet ofte lever sitt sjølvstendige liv trass i den kontakten me har med prestisjemål, skriftmålskultur og mediespråk. Forklaringa på dette ligg truleg i den funksjonen talemålet har som middel til å markera identitet og gruppetilhøyrsle.

«Finspråket» i byane – blir det borte?

Skiljet mellom sosiale grupper er ikkje like tydeleg i byane som før. Dermed er truleg også dei språklege skiljelinene i byane i ferd med å bli utjamna. Det tradisjonelle bymålet og det høgare talemålet blir meir blanda og smeltar i hop. Eit resultat av dette er at det i fleire byar vil finnast mange blandings- og overgangsformer mellom «reint» eller tradisjonelt folkeleg bymål og det høgare talemålet. Mange blandar former og ord frå dei to variantane i sitt eige talemål.

Det same ser vi i kjønnsskilnader: Normene for språkleg variasjon endrar seg slik at jentene og kvinnene tek over dei meir «uvørdne» språknormene til gutane og mennene.

Då Finn Gabrielsen i 1981 forska på ungdomsspråket i Stavanger, fann han langt mindre bruk av det høgare talemålet enn det Helge Omdal gjorde i ei tilsvarande gransking i 1967. Gabrielsen oppdaga at det hadde skjedd visse grammatiske forenklingar i det tradisjonelle folkemålet, og det var denne nye folkemålsvarianten som hadde utvida råderommet sitt. Det var i 1981 også mindre skilnad enn før mellom gutar og jenter i språkbruken.

Også Helge Sandøy (2002) meiner at det ser ut til å vera eit moderne drag i utviklinga at dei det høgare talemålet og det folkelege bymålet fell saman: «Hardast har nok ’tidens tann’ gått ut over dei gamle ’riksmålsdialektane’, det som òg gjerne er kalla ’høgare talemål’ i byane. Det som før var ‘vulgære’ former i bytalemålet, har sigra». For eksempel finn ein ikkje yngre folk i Bergen som seier någen, efter eller nu. Vidare nemner han Stavanger, der «sosietetspronomenet» je (eg) har problem med å overleva.

I ein del byar har det høgare talemålet døydd stille ut. Men samtidig har gatespråket òg teke opp nye drag og dei nye bymåla har måtta kompromissa ein del. Eksempel på dette finn me når uttrykksmåten «Vi så alle hesta» i Oslo ofte blir erstatta av «Vi så alle hestene».

Les mer i Store norske leksikon

Utvald litteratur

  • Hårstad, S. og Opsahl, T. 2013: Språk i byen : utviklingslinjer i urbane språkmiljø i Norge. Bergen: Fagbokforlaget.
  • Bondi Johannessen, Janne 2015: Oslo-språket de siste 200 år. I Sandøy Helge (red.): Talemål etter 1800. Norsk i jamføring med andre nordiske språk. Oslo Novus. Side 269-301.
  • Jahr, E.H. (red.) 1990: Den store dialektboka. Oslo: Novus.
  • Sandøy, H. 1991: Norsk dialektkunnskap (2. utgåve). Oslo: Novus.
  • Sandøy, H. 2002: Norsk tale i to generasjonar. I: Språknytt 3–4/2002.
  • Skjekkeland, M. 2005: Dialektar i Noreg. Kristiansand: Høyskoleforlaget.
  • Skjekkeland, M. 2010: Dialektlandet. Kristiansand. Portal forlag.
  • Torp, A . 1989: Udanna østnorsk. I: Språklig Samling 3/1989.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg