Nominalbøying er bøying av substantiv, adjektiv, pronomen og determinativ. Eit anna ord for nominalbøying er deklinasjon.
Faktaboks
- Uttale
- nominˈalbøyning
Typiske bøyingskategoriar for nomen er numerus (tal) og kasus. På mellom anna norsk kjem binding (bestemtheit) i tillegg. Alle nomen bortsett frå substantiv blir i mange språk bøygde i genus. I mange språk kan substantivet ha eit possessivaffiks, det vil seie bøying i person og tal for eigaren. Nokre få språk, mellom anna ein del amerikanske urfolkspråk, bøyer også substantivet i tempus.
Til nominalbøyning må ein òg rekne bøying i typisk nominale kategoriar av partisipp og latinsk gerundium. Sjølv om partisipp og gerundium blir rekna som bøyingsformer av verbet, blir dei i mange språk bøygde i mange nominale bøyingskategoriar – til dømes numerus, genus og kasus.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.