Nomen actionis er eit substantiv som viser til ei handling eller ein prosess og er danna av eit verb — for eksempel kyssing og kyss, som er danna av verbet kysse.

Faktaboks

Uttale
nˈå:men a:ktiˈå:nis
Etymologi

Eit latinsk uttrykk, der nōmen 'namn' er nytta i tydinga 'substantiv'. Āctiōnis er genitiv eintal av āctiō 'handling', som er eit nomen actionis av agō 'eg handlar, eg gjer'

Også kjend som

handlingsnomen

På norsk blir nomen actionis òg kalt handlingsnomen.

Meir om nomen actionis på norsk

På norsk har vi to hovudtypar nomen actionis:

  1. dei som har suffikset -ing lagt til ei verbstamme:
    • kyssing, kasting, hopping, slåing, dreping, skyting
  2. dei som svarer til verbstamma utan suffiks:
    • kyss, kast, hopp, slag, drap, skot

Typen kyssing

Type (1), som kyssing, er substantiv med genuset hokjønn. Dei viser oftast til handlinga som ein uavslutta prosess, utan spesifisert byrjing eller slutt. Dei er uteljelege og manglar fleirtalsformer. Det er ikkje noko som heiter «kastingar». Dei kan kallast imperfektive nomen actionis.

Typen kyss

Type (2) viser til ein avslutta episode, med byrjinga og slutt. Dei er teljelege og har fleirtalsformer: eit kast, fleire kast. Dei kan kallast perfektive nomen actionis.

Andre tydingar

Det finst mange substantiv som endar på -ing og -else som ikkje berre viser til ei handling eller ein prosess, men òg til noko som er involvert i handlinga eller prosessen, til dømes resultatet eller middelet:

  • teikning
    • 'det å teikne'
    • 'bilete, noko som er teikna'
  • fylling
    • 'det å fylle'
    • 'noko som er fylt ut; det ein fyller med'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg