Gustav Vigelands statue av Erik Skallagrimsson

Nidstong er ei stong som er utstyrd og oppsett på ein krenkande måte, for å håne eller skade nokon. Nid er det same som ærekrenking.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt níðstǫng
Også kjend som

nidstang

Ordet níðsto̢ng finst berre nemnt to gonger i den norrøne litteraturen, i Soga om Egil Skallagrimsson og i den islandske lovboka Grágás.

I Grágás står det: «Det er nid om ein mann skjer trenid eller reiser nidstong.» Trenid («nid skore i tre») er eit omgrep som også finst i Gulatingslova, men nidstong er ikkje nemnt spesifikt.

Liknande omgrep, som flannsto̢ng og skáldsto̢ng ('krenkjande stong' og 'skaldestong'), betyr truleg det same og finst nemnt i to norske kristenrettar.

Liknande nidingsverk, som å reise vanærande menneskeliknande stytter, er kjent frå annan islandsk mellomalderlitteratur og frå Gesta Danorum av Saxo, men utan å vere knytt til noko spesifikt omgrep.

Egil Skallagrimssons nidstong

Den mest kjente nidstonga er den som Egil Skallagrimsson reiste mot kong Eirik Blodøks og dronning Gunhild:

«Han tok med seg ei hasselstong og gjekk opp på ein bergnabb som vende inn mot land. Han tok eit hestehovud og sette på stonga, og så sa han fram desse trylleorda: 'Her set eg opp nidstong, og dette nidet vender eg mot kong Eirik og dronning Gunnhild' – og så vende han hestehovudet inn mot land – 'og dette nidet vender eg mot landvettene som bur i dette landet, slik at dei alle fer på ville vegar og ikkje får fred før dei har jaga kong Eirik og dronning Gunnhild frå landet'. Så sette han stonga ned i ein bergsprekk og let henne stå der. Han vende hovudet inn mot land og rista alle desse trylleorda med runer på stonga.»

Egil Skallagrimssons nidstong er gjengitt i Gustav Vigelands skulptur «Egil Skallagrimsson».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg