Mutualisme er interaksjon mellom artar som er til gjensidig nytte for artane. Når interaksjonen mellom artane gjer at dei har eit veldig tett samliv vert det kalla for symbiose, men mutualisme finst og mellom artar som ikkje lever så tett på kvarandre. Mutualisme er veldig vanleg i naturen, og finst i mange former.
Faktaboks
- uttale:
-
mutualˈisme
- etymologi:
-
av latin ‘gjensidig’
Mutualisme står i kontrast til kommensalisme, der berre ein av artane dreg nytte av samlivet medan den andre arten ikkje vert påverka (korkje negativt eller positivt).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.